Grunna gravferd frå emigrantkyrkja vert Vestnorsk utvandringssenter stengt tysdag 21. august kl. 12 – 16. Museet held ope ein time denne dagen frå kl. 16 – 17.
Det kjem eit tillegg på kr. 700,- per gruppe for tinging utanom dei orinære opningstidene.
Vestnorsk utvandringssenter (VUS) er lokalisert på Sletta i Radøy kommune. Ei lita kyrkje og fleire hus er henta frå USA og bygde opp att i eit vestnorsk bygdemiljø som ein gong var utgangspunktet for mange emigrantar til Amerika. VUS er resultat av lokalt frivillig engasjement og dugnadsarbeid og blir no utvida til også å omfatte migrasjon og kulturmøte i fortid og notid i ein breiare samanheng. Senteret skal også spegle at Noreg er blitt innvandringsland.