kl. 12 – 16: Innsamling av amerikabrev og -bilete
Har du gamle amerikabrev eller -bilete liggjande i skuffen? I vår startar VUS innsamling av amerikbrev frå Nordhordland, og vi er difor svært takksame dersom du har eit brev eller bilete du vil donnere til senteret! Vi scanner gjerne brevet dersom du berre vil låne det ut. Historikar Kenneth Bratland er klar til å ta i mot brev og bilete i kjellaren i Emigrantkyrkja. Han kan også hjelpe til med søk i emigrantliste.
kl. 13 – 15: “Amerika-gardar på Sletta”
Bli med på ei guida vandring frå gard til gard på Sletta med Asbjørn Ystebø. Ystebø har nett publisert artikkelen “Amerika-gardar på Sletta” i siste utgåve av skriftserien til VUS publisert i 2011: Pionerliv i Amerika og bygdeutvikling på Sletta. Oppmøte framfor Emigrantkyrkja.
kl. 15 – 16: Konsert i Emigrantkyrkja
i regi av Utvandringssenterets venner
Radøy damekor og Hjelmås mannskor
Sjå også utstillinga “Lengselens bilder” (utval) i kyrkjekjellaren og “Fugleåret: Folketro og fakta“. Tresnitt av Amy Lightfoot i Rådhuset i emigrantlandsbyen.
Billett guida vandring: Vaksne: kr. 50,-, Born: gratis
Billett konsert: Vaksne kr. 100,- Born: gratis








