Utstillingsopning 14.8 kl.12.00: Min første skuledag

Inn i det ukjende med ny ransel og nye klede. Mange nye fjes og framtidige venner, dei du vil hugse for resten av livet. Det er den første skuledagen.

Tid: sundag 14. august klokka 12.00
Stad: skulehuset ved Vestnorsk Utvandringssenter

I skulehuset på Sletta kan publikum få sjå forteljingar og bilete henta frå fleire ulike land og generasjonar. Utstillinga “Min første skuledag” tek utgangspunkt i ein felles kvardagssituasjon – det å vere ny i skulen. Det å vere ny er truleg noko mange kan relatere seg til, uansett kvar dei har vakse opp.

- Føremålet for Digitale forteljingar er nettopp det å kunne ta med publikum i dokumenteringa av samtida – fordi vi er opptekne av å få inn eit variert og mangfaldig spekter av kulturhistorie på demokratisk vis,  seier kulturvitar Mariela Norheim.

- Dei kulturelle rammene kan sjølvsagt vere ulike, medan denne opplevinga og kjensla av å vere ny kan trekke parallellar mellom både fortid og notid – og mellom land og kulturar” seier visuell antropolog Åshild S.F Thorsen

- Ved VUS er vi glade for å få utstillinga hit. Vi arbeider med migrasjon, og å oppleve å vere ny på ein stad eller i ein bestemt situasjon er jo nettopp eit viktig kjenneteikn ved det å vere på flyttefot, seier Ida Dyrkorn Heierland, avdelingsleiar ved Vestnorsk utvandringssenter.

Last ned utstillingsplakaten
Les heile pressemeldinga

Leave a Reply