Vestnorsk Utvandringssenter inviterer deg mellom 10 – 18 år på eit 8-timars kurs over 2 dagar leia av den brasilianske graffitiartisten PEACETU (www.peacetu.com).
Kurset vil gje ein introduksjon til street art og inkludere studium av metodar og stil samt teikning og sprayteknikk. Siste del av kurset tek vi sikte på måling av ein utandørs vegg i det offentlege rom.
Street art er ei global kunstform som er utvikla i det offentlige rommet, lovleg eller ulovleg. Offentleg kunst og skrifter har eksistert i ulike kulturar i lang tid, som til dømes vikingtidas runeinnskrifter her til lands. Den moderne kunstforma som kjem til uttrykk i dag blir gjerne knytt til hip-hoprørsla, og utvikla seg frå tidleg på 1970-talet i gatene i New York. Omgrepet street art omfattar mellom anna tradisjonelle graffitikunstverk, sjablonggraffiti, klistremerkekunst, videoprojeksjon og gateinstallasjonar m.m. Denne urbane kunstforma har fått mykje merksemd og aukande aksept også i Noreg dei siste åra og er i ferd med å bli ei godt etablert kunstform.
TID: Torsdag 26. og fredag 27. mai kl. 16.00 – 20.00
STAD: Manger, Radøy
PRIS: kr. 200,-/pers (dekker alt utstyr og mat)
Avgrensa tal på plassar! Førstemann til mølla!
Påmelding: Avdelingsleiar Ida Dyrkorn Heierland tlf. 48 10 86 09
E-post: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no
Velkomen!
Arrangør: Vestnorsk utvandringssenter og Radøy kommune







