Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Vinternatt - førjulskonsert i Emigrantkyrkja

Publisert den 04.10.2018 - 11:10

Torsdag 29. november kl 18.00

Vinternatt er ein førjulskonsert som speglar ventetida, ei tid full av von og gleda. Dei gamle og kjære julesongane vil me gjerne høyra om att og om att, år etter år. Nostalgien tek oss med attende til tida da me var små, himmelen var stjerneklår, og det var så bitande kaldt at det knest under skoa når me gjekk i snøen.

Reidun Horvei (song/forteljing)
Inger-Kristine Riber (piano)

Strykekvartett frå Seattle, USA:
Allion Salvador (fiolin)
Rachel Nesvig(fiolin/hardingfele)
Aleida Gehrels (bratsj)
Zoë Kohen Ley, (cello)

Konserten vert spesiell, og Emigrantkyrkja vert fylt av vedunderlege tonar arrangert av Inger-Kristine Riber for strykekvartett, piano og song. 

Seattle-Bergen Sister City Organization legg til rette for samarbeidet med strykekvartetten som kjem frå Seattle for å spela jula inn.

Hjarteleg velkomen til konsert!

Inngangsbillett:kr. 150.- 

Førehandssal https://tikkio.com/tickets/6942-vinternatt-forjulskonsert-i-emigrantkyrkja

eller i døra

Torsdag 29. november kl 18.00

Dørene opnar kl 17.30

Konserten startar kl 18.00 

 

04.10.2018 - 11:10