Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utvandringsfestivalen 2020 - Koronasommaren

Publisert den 14.01.2020 - 11:05

Våren og sommaren kor alt vart annleis, vi må tenke nytt og vi må tenke smitteomsyn. No er landet begynt å opne opp att, men likevel vert det strenge reglar for tal på menneske i grupper, avstand, reinhald og matservering.

I motsetning til mange andre, vel vi ikkje avlysning, men årets festival vert litt foreinkla. Tema vil fortsatt vere KVINNER SOM UTVANDRA

Vi kjem tilbake med detaljert program, men her er noko du førebels kan gle deg til:

FREDAG 3. JULI KL. 19.00:

UTEKONSERT MED BERITH I SALOONEN

BERITH er musikar i sjangaren Americana / Folk. Ho er inspirert av sine norske røtter, i tillegg til keltiske og amerikanske tradisjonar. Med sin akustiske gitar har Berith reist land og strand rundt, heilt sidan tenåra. Til og med kongeparet har vært hennar publikum. "FAR AWAY" er hennar siste singel. Denne folkelege, uptempo melodien fortel ei historie om kva eit stort antal av våre forfedre møtte i Amerika for 2-3 generasjoner sidan, den gongen dei emigrerte frå Noreg. Klikk her for å høyre

Billettpris kr 250. Pga. korona foretrekk vi førehandssal. Klikk her for billettar på Tikkio.com, eller førehandsbestill billettar med Vipps til 102121

Billetter kan og kjøpast i døra med Vipps eller kort, ikkje kontant pga. korona.

PS! Ta gjerne middagen hos naboen vår, Sletta Landhandleri, før konserten. Dei byr på god, heimelaga mat :)

Har du bubil? Sletta kai og fritid har ny bubilparkering med straum,  tømming, sanitæranlegg, dusj og opphaldsrom.

 

LAURDAG 4. JULI KL.12.00-14.00: SEMINAR MED TEMA "KVINNER SOM UTVANDRA". Seminaret vil også verte send digitalt.

Kl. 12.00 Frihetens forpost? Utvandring til USA blant feminister og andre tvilsomme individer. Føredrag ved Tone Hellesund

Agnes Mathilde Wergeland var ei av dei kvinnene som utvandra til USA fordi ho opplevde at Noreg ikkje gav tilstrekkelige livshøve for ei kvinne som ho. I Zurich, i 1890, tok ho si doktorgrad i historie, då universiteta berre så vidt var opna for kvinner her heime i Noreg. Ho reiste så videre til USA for å forsøke og skape seg ein akademisk karriere der. Dr. Wergeland var radikal når det gjaldt yrkesvalg og feministisk posisjon, og med dagens auge vil også privatlivet hennar reknast som radikalt, då ho delte livet sitt med andre kvinner. Innlegget vil fokusere både på Agnes Mathilde Wergeland og på andre emigranter som utfordra kjønns- og seksualitetsnormer her heime. Dei håpte at USA skulle være det lovande land også på dette området. Dette er spennande historier om ein lite kjent del av utvandringshistorien.

Tone Hellesund er professor i kulturvitenskap ved Universitetet i Bergen. Ho har jobba mykje med både feminismens historie og skeiv historie.

 

Kl. 13.00 ANNE KARIN NATÅS fortel om sine opplevingar som ung emigrant på 60-talet

  

Anne Karin vaks opp på Sletta og fekk mykje kunnskap om Amerika då faren hadde 5 brør og 1 syster som emigrerte. Etter krigen hadde dei mange USA-besøk, i tillegg til at dei var flinke til å skriva til bestemor. Kontakten med Amerikafamilien gjorde at ho alltid hadde hatt lyst å reise, men USA syntest uoppnåeleg....

Etter seminaret vert det kransenedlegging og enkel monumentseremoni

Slik vi ser det no, vert det vanskeleg å gjennomføre Utvandringsfestivalen slik vi kjenner den. Familiedagen må diverre utgå i år.  Vi lovar å komme sterkt tilbake neste år, og håpar at vi med ein digital versjon av seminaret også når ut til fleire som ikkje har høve til å komme til oss, men som gjerne får lyst til å besøke oss når alt er bra.

Søndag 5. juli kl.11 Festgudsteneste

Tradisjonen tru inviterer Utvandringssenterets venneforeining og soknet til Festgudsteneste under Utvandringsfestivalen. Gudstenesta vil gå føre seg med koronatiltak i tråd med dei reglane som gjeld den dagen, og det kan bli, blir det begrensa antal i kyrkja. Vi helde oss orienterte då det stadig blir liberalisering, og vil informere etterkvart. Det blir blir kulturelle innslag på gudstenesta. Kyrkjekaffi i nye Emigranten kafé (kyrkjekjellaren) etterpå.

Kl. 12-17 Utvandringssenteret er ope for omvising

 

  

 

14.01.2020 - 11:05