Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utvandringsfestivalen 2019

Publisert den 03.01.2019 - 14:56

Vestnorsk utvandringssenter arrangerar Utvandringsfestivalen for store og små. Det vert litt av kvart å oppleve frå fredag til sundag.

Fredag 28. juni kl 19.00: Opning av vårt nye kafételt The Plain Saloon.

Konsert med Jazz på strilamål og The Sugar Shaker

Musikk på norsk og amerikansk i The Plain Saloon, kafételtet som vert sett opp i Prærielandsbyen for sommaren. Jazz på strilamål består av vokalist Reidar Konglevoll saman med Andreas Westermoen kvintett. Dei spelar svinglåtar og balladar frå jazzen sin gullalder – The American Songbook med tekstar på strilamål! Dei presenterer gamle, gode og kjende svisker, swing og latinlåtar, med sine eigne tekstar på strilamål, standardlåtane frå jazzen sin gullalder på 1930, 40 og 50talet.

Frå Søsterbyregionen vår i Amerika får vi besøk av sjølvaste ordføraren i Fergus Falls, Minnesota, Benjamin Schierer og hans familieband - The Sugar Shakers. Dei spelar musikk i Americana sjangeren, og har med seg både banjo og kontrabass! 

 

The Sugar Shaker er eit familieband som liker å spille bluegrass, tradisjonell og Americana musikk. Dave (kontrabass og gitar), Reno (piano, bass og mandolin), og Beatrice (vokal, fele og ukulele) ser fram til å spele i Noreg saman med far sin Ben (banjo, gitar og munnspel). Å få lov til å dele musikk og lære om norsk kultur, som har hatt djup påverknad på deira eige samfunn i heimbyen er dei takksame for å oppleve. Dei ser fram til å få vener og skape seg minner i Nordhordland. 

Laurdag 29. juni kl. 10 - 15:

Seminar om utvandring frå Nordhordland/ Alver og opne arkiv 

Professor og stril John Ragnar Myking – Om utvandringa til Amerika – eit grunnriss og bakteppe

Terje Marøy - om utvandring frå Alver

Historikar Kenneth Bratland – Korleis finne fram i Digitalarkivet – kjelder og måter å søke

Kl 12 -13 Lunsjpause

Kl 13-15 Opne arkiv – få hjelp til å komme i gang med å finne din utvandra familie. Kenneth Bratland frå Digitalarkivet og slektsgranskar Åse Nilssen frå Roots & Heritage in Norway er å hjelpe fram til søkeportalar på Ellis Island, emigrantprotokoller, skipslister, passasjerlister og anna relevant materiale og infomasjonskjelder til å finne fram til utvandra nordmenn. Ta gjerne med eigen pc. 

Påmelding vestnorsk.utvandringssenter@muho.no 

Pris kr 200,- 

Seremoni ved hovudmonumentet kl 16

Kl 16 Seremoni ved hovudmonumentet og norrønamonumentet. Olav Steinar Namtvedt vil leie seremonien. Ordførar i Meland Øyvind Oddekalv og ordførar Benjamin Schierer frå søsterbyregionen vår i Amerika vil halde tale. Alverfanfare og kransenedlegging. 

Kafételtet The Plain Saloon er ope til 17.30. Sletta landhandleri og kafe er open til kl 18.00

 

Festkveld i Samfunnshuset Skogen kl 19.00

Velkomstdrikk og mingling frå kl 18.30, dørene til festsalen opnar kl 19.00

Ordførarane Astrid Aarhus Byrknes i Lindås og Jon Askeland i Radøy er programleiar og festtalar for kvelden. Ordførar Benjamin Schierer vil både ha musikalsk innslag og helsing på festkvelden, i tillegg kjem pianist Frode Skag Storheim. Det vert flott buffet med ein ørliten Smak av Nordhordland, i tillegg til kakebuffet.

Pris kr 400,- inkl. sommarbuffét

Påmelding vestnorsk.utvandringssenter@muho.no eller a-nataas@online.no eller tlf 97033120 Påmeldingsfrist 20. juni

 

Søndag 30. juni 

Emigrantgudsteneste kl 11

Kulturelle innslag ved organist Frode Skag Storheim og Mari Mellingen.

Familiedag i Prærielandsbyen kl 13-16 

Familiedag med spennande aktivitetar. Korleis var det å komme til Amerika? Borna får teste ulike aktivitetar knytt til prærielivet, prøve lukka som gullgravar, kle seg opp i nybyggardrakt for fotografering, og treffe blink med boge eller rifle

Billettpris kr 60 pr vaksen/barn. Familie kr 200 (2+2)

Kafételtet The Plain Saloon er ope med sal av mat og drikke

Billetter til arrangementa finn du på Tikkio: https://tikkio.com/tickets/10081-utvandringsfestivalen-2019-americano-og-jazz-pa-strilamal

OBS! Denne dagen kjem også "Gamle Dampen", DS Oster til Sletta frå Bergen, Salhus og Lygra. 

Takstar:

T/R frå Bergen til Sletta kr 500
T/R frå Salhus og Frekhaug til Sletta kr 400
Om du berre vil mellom Lygra og Sletta er prisen kr 50.
Barn halv pris.
 www.oster.no finn du meir info om takstar etc.

 

03.01.2019 - 14:56