Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Utvandringsfestivalen 2018

Publisert den 23.05.2018 - 11:34
23.05.2018 - 11:34
UTVANDRINGSFESTIVALEN 2018

"Norske uteseglarar i internasjonale farvatn"

Helga 29. juni til 1. juli vil stå i sjøfolket sitt teikn, dei som for ut, i sjøfart, til arbeid, busetting og krigsteneste.
Nordmenn har alltid vore eit sjøfarande folk, og på hava og i hamnene fann dei levebrød, impulsar og nokre enda opp til krigsteneste.

Føreløpig program:

Fredag 29. juni kl 19:
SØTE OG SALTE KRAMBUDROPS - VELKJENDE VESTLANDSKE KARAKTERAR
Claus Sellevoll


Strilekulturen var og er full av skarpe profilar. Claus Sellevoll kjenner typane og miljøet. Saman med den anerkjende pianisten Harald Dahlstrøm byr han på ulike karakterar som dei fleste vil kjenne igjen… også dei som var utfartssøkjande...

Billettpris kr 200.

Billettar for sal i døra og https://tikkio.com/tickets/5715-show-med-claus-sellevoll-utvandringsfestivalen


Laurdag 30. juni kl 10 - 15: SEMINAR

Årets seminar vil fokusere på sjøfolket. Nokon drog ut og kom heim, nokon fant seg eit levebrød i utlandet og kom aldri heim, og andre enda opp med å gjere ein innsats for krigen. Laurdag 30.juni vert eit rikhaldig seminar kor vi får høyre alle sider av livet på sjøen

AMERIKABÅTANE OG ANDRE EVENTYR FRÅ SJØ OG SCENE
Kåseri av forfattar Morten Lorentzen


Morten Lorentzen har alltid hatt ein kjærleik for skip, og er både forfattar, dramatikar, produsent og låtskrivar, mannen bak fleire suksessrike framsyningar, som til dømes «Førstereis» med Helge Jordal. Han er og kjent frå NRK. Morten har samarbeida med fleire kjende personar gjennom ei lang karriere. Hos oss skal han snakke om korleis interessa for norsk skipsfart har følgt han gjennom livet, og ikkje minst korleis teaterstykke "Førstereis" ble til.

OM BATALJON 99.
Foredrag ved Inge Alver

Under andre verdskrig, i 1942, oppretta den amerikanske hæren ein eigen bataljon med norsktalande soldatar: 99th Infantry Battalion (Separate) - på norsk Bataljon 99. Målet var å trene offiserar og soldatar for teneste i Noreg i tilfelle invasjon. Det var difor eit krav om at soldatane kunne norsk og gjekk godt på ski slik at dei kunne ta seg fram i det norske landskapet. Radøy og Vestnorsk utvandringssenter sin eigen John Pettersen var ein av soldatante i denne bataljonen. Inge A. Alver fortalte også om 99. bataljon i samband med John Pettersen sin 101 årsdag. No får vi høyre meir om denne norske bataljonen som var med på så mykje.


UTESEGLARENE
Helge Jordal

Bilderesultat for helge jordal  

Helge Jordal er ein av Noregs mest folkekjære skodespelarar. Hans eiga interesse for sjøfolket, eit langt liv, og ikkje minst 6 år med einmannsframsyninga "Førstereis" har gitt han rikeleg med kunnskap om nordmenn i internasjonale farvatn.
Blant sjøfolk etter krigen, var det å være "Uteseglar" ein nordmann som hadde reist ut frå Noreg, fordi han følte at han ikkje hadde noko i heimlandet å gjere lenger. Dei kom aldri heim. Kvifor var det slik? Og kor ble dei av?


KRIGSSEGLAREN MATHIAS STANG
Oddrun Weierud

Oddrun Weierud fortel historia om far hennar, Mathias Stang, og hans deltaking i 2. verdkrig. Mathias drog til sjøs i utanriksfart allerede i 1938, kom dermed med i 2. verdskrig og deltok i "sjøkrigen" i nesten 7 år. Minnene om dette måtte han og familien leve videre med heile livet.

Pris kr 200,- Påmelding vestnorsk.utvandringssenter@muho.no 

Kl. 15.15 MARKERING VED MONUMENTA

 

 

Militærhistorisk gruppe som har mykje materiell og utstyr som kan knyttast til 99. bataljon infantery (seperate) kjem til Utvandringsfestivalen i år også.

Ekstra aktuelt i år som tema er Norske sjøfolk i internasjonale farvatn, der vi også få seminarinnlegg om 99. bataljon.

Det vil verte høve for omvisning og opne hus etter minnemarkeringa ved monumenta og fram til 17.30. Då vert også kafeteltet ope. 

Militærhistorisk gruppe med kjøretøy, telt og utstyr frå 99. bataljon


FESTKVELD laurdag 30. juni kl. 19:00
Velkommen til ein triveleg kveld med musikk, god mat og maritim stemning. Detaljert informasjon kjem etter kvart.

Av musikalske innslag kan vi nemne at Linn Merethe Myrtveit og Bjørn Schille spelar og syng for oss. Festkvelden blir arrangert saman med Venneforeninga for Utvandringsenteret, i samfunnshuset Skogen på Sletta.

Konferansier: Ramona Sulen. Ramona er ei allsidig dame, med lang artist karriere. 

Pris kr 400,-

Påmelding vestnorsk.utvandringssenter@muho.no eller a-nataas@online.no

 


FAMILIEDAG søndag 1. juli kl 13 - 16
Morosam og lærerik aktivitetsdag for heile familien.
På "Hyrekontoret" får barna "påmønstringspapirar" (aktivitetskort), kor dei må gå gjennom ein del prøvelser (aktivitetar). Landkrabbane må blant anna på "helsesjekk", lære å kaste trosse, få seg sjømannstatovering og lære seg dei rette uttrykka til bruk på sjøen :-)....
Når papira er stempla blir dei fanga opp av 99.bataljon, kor dei må førebu seg på teneste i krigen, med blant anna organisert skytetrening. Etter endt krigsteneste velger dei å busette seg på prærien i Amerika, og der må dei lære å kaste lasso og litt av kvart!

Pris kr 

OBS! Denne dagen kjem også "Gamle Dampen", DS Oster til Sletta frå Bergen, Salhus og Lygra. 

Takstar:

T/R frå Bergen til Sletta kr 500
T/R frå Salhus og Frekhaug til Sletta kr 400
Om du berre vil mellom Lygra og Sletta er prisen kr 50.
Barn halv pris.
På www.oster.no finn du meir info om takstar etc.

 

Som alltid under Utvandringsfestivalen vert det gudsteneste i Emigrantkyrkja på sundagen kl 11:00