Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utstillingsopning i Nybyggarstova og sesongstart

Publisert den 08.05.2019 - 10:56

Nybyggarstova har fått ny innredning, inspirert av familiehistoria til Karen og Andreas Seem som bygde huset i 1869. Vi har laga og funne møblar og inventar, skaffa, strikka og sydd tekstiler for å vise ei utstilling som fortel om livet til nybyggarfamiliane på siste halvdel av 1800-talet. 

Vi inviterer til prat og omvisning i denne nybyggarheimen, og fortel om reisa, busettinga og nybyggerlivet. Andreas var bygningsmann og bygde huset sitt sjølv, og Karen jobba med tekstiler, som så mange andre kvinner både i gamlelandet og deira nye heimland. Kunnskapen med å tilverke tekstil og klede tok dei med seg over havet, sjølv om både klesdrakt og kvardagsliv måtte tilpassast og endra seg på Prærien. 

Utandørs vert det endå ei utstilling, Ull på Prærien, som fortel nettopp om utvandringa av den tekstile kunnskapen og ull på amerikansk. 

Det vert enkel kafe med nybyggarkaffe og kake. 

Søndag 26. mai opnar vi for sesongen, og deretter vert det ope for besøkande kvar laurdag og søndag kl 12-15 fram til 16. juni, og etter det også tysdag til fredag kl 12-17 og kl 12-15 i helgane. 

Hugs at det alltid er høve for grupper og skuleklassar til å bestille besøk på Vestnorsk utvandringssenter,heile året. 

Opningstider 2019

  • 26.05 – 16.06: Laur og sun 12–15
  • 18.06 – 18.08: Tys – fre 12-17 og Laur og sun 12–15
  • Måndag stengd
  • Elles etter avtale
08.05.2019 - 10:56