Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utekino og lystenning 24. november kl. 18

Publisert den 13.09.2019 - 14:10
13.09.2019 - 14:10

Det er nesten blitt ein tradisjon med utekino i Prærielandsbyen, og saman med Bygdekinoen inviterer vi til julefilmer og førjulsstemning 24. november kl. 18

Kl 18.00: Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul. Kr 90,-

Kl 20.00: Last Christmas kr 110,-

Vi tenner vinterlys i Prærielandsbyen og sørger for varm drikke, kinosnop og god stemning som ramme kring utekinoen.

TA MED VARME KLEDE OG NOKO Å SITTE PÅ!

Om handlinga i filmen om Snekker Andersen:  Dette er historia om ei lita bygd. Den var omtrent som andre bygder sjølv om den lå ganske for seg sjølv oppi åsen. Folka som budde i bygda var omtrent som andre folk... Nokon var store og nokon var små, nokon meinte ditt og nokon meinte datt. Stort sett som bygder flest, men når det gjaldt ein ting, var dei heilt like alle saman... Dei var så fæle til å gløyme. Og dei gløymte dei rareste ting, alle på ein gong! No er dei på veg til å gløyme det viktigste av alt...nemlig jula!

Ein ny julefortelling frå universet til Alf Prøysen, ein av våre mest kjente og kjære forfattere. Snekker Andersen og Julenissen er tilbake og denne gongen må dei hjelpe lille Elise med å redde jula før det er for sent.

Om Last Christmas:
Romantisk komedie ledsaget av eit herlig soundtrack med låtane til George Michael og Wham. Kate (Emilia Clarke) er notorisk flink til å alltid ta dei gale vala. Bunnpunktet kjem når ho må ta ein jobb som alv i ein julebutikk. Men der møter ho og forelsker seg i Tom, og lukka ser endelig ut til å snu. Han lærer ho å sette pris på jula på ein heilt ny måte, men forviklingene har såvidt begynt.

Se opp, Love Actually - en ny julefilmklassiker er på vei!

Prærielandsbyen ligg på Sletta, Radøy, i den kommande kommunen Alver i Vestland fylke