Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Utekino i Prærielandsbyen 22. november

Publisert den 19.10.2020 - 14:48

På grunn av smittesituasjonen må vi diverre avlyse Utekinoen søndag 22. november. Bygdekinoen avlysar alt fram til 23. november. Vi håpar situasjonen endrar seg etter dette, slik at vi kan invitere til utekino før jul likevel, men etter dette.

Nærmare informasjon vil komme når vi veit meir.
Ta vare på kvarandre! 

Vi gjentar suksessen og saman med Bygdekinoen inviterer vi til utekino i Prærielandsbyen sundag 22. november.
Ta med stol og kle deg etter været. Vi tek smittevern på alvor, og legg opp til avstand mellom publikum.

Kl. 18:00 - Dragevokterens jul

Kl. 20:00 - Gledelig jul


Billettpris barn kr 100, vaksen kr 120,- Billettsal frå kl 17:30

Det vert sal av kinosnop, varm og kald drikke.

Om DRAGEVOKTERENS JUL:
Det er snart jul i den lille byen Kjedly. Alle pynter til fest, syng julesonger og bakar kaker. Bortsett frå 11 år gamle Sara som beveger seg rundt som ein usynlig ninja. "Aldri bli sett, aldri bli tatt og aldri bli kjent med nokon", seier ho til seg sjølv mens ho gøymer seg for politiet og bryter seg inn i ferietomme hus for å finne mat og varme. Men når ein flammesprutande drage krasjlander i huset ho skal feire jul i, snus alt på hovudet.
Ho vert tvungen til å be om hjelp frå naboguten Mortimer som drøymer om å verte Youtube-stjerne. Saman bestemmer dei seg for å hjelpe dragen heim dit den kjem frå før nokon får fatt i den. Men å halde seg skjult for politiet med ein ildsprutande dragevenn, er ikkje lett.

"Dragevokterens jul" er ein hjertevarm, morsom og spennande film om å tørre å bli sett for den ein er. Om vennskap, offervilje og trua på det utrulege. Ein julefilm du aldri har sett makan til.

Om GLEDELIG JUL:
Årets store julekomedie!

Gledelig jul er ein julekomedie med Anne Marit Jacobsen og Otto Jespersen i spissen for eit norsk stjernelag av kjente og kjære skodespelarar.

Annemor og Frank gler seg over at barn og barnebarn skal feire jul heime på garden for første gong på ti år, men det går ikkje heilt etter planen. Dottera Tessa har bytta ut sambuaren Emma med ein slesk, svensk fitness-trener, mens sonen Samuel er på randen av ei skilsmisse på grunn av ein glutenallergisk hund. Barnebarnet Petter prøver å fri til skulens vakraste jente på hebraisk og naboen Nils er nær ved å daue.

Det må manøvrerast mellom små og store katastrofer for å halde familien samla, men akkurat idet juleroen senker seg kjem ein gamal løyndom til overflata.
Blir dette familiens siste jul saman?
 

Info på Bygdekinoen

19.10.2020 - 14:48