Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ullveka 2020: Strikkekafé i Ville Vesten

Publisert den 31.08.2020 - 17:05
31.08.2020 - 17:05

I Ullveka 2020 vert det også arrangement på Vestnorsk utvandringssenter.

Ta med deg strikketøy, spøt eller anna handarbeide til Kafé Emigranten (kyrkjekjellaren) og kom i præriestemning når vi viser ein klassisk westernfilm. Du kan sjølvsagt komme utan handarbeide i veska også! Ta gjerne med mann eller kåne :-)

NB! Vi sel også strikkepakkar frå både Lyngheisenteret og Norsk Trikotasjemuseum om ikkje du har med sjølv, og det vil verte sal av forfriskningar og noko heimebakt :)

Velkommen til ein triveleg kveld med strikk & film på Sletta.

Vi tek smittevern på alvor!

Billettpris kr 150, - inkl. kaffi

Kjøp her