Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ull på Prærien

Publisert den 23.05.2019 - 11:04

Ull på Prærien 

Den norske utvandringa starta i 1825. Ei avis rapporterer om ein dristig kaptein som har ført ei alt for lita skute den lange seglasen over Atlanterhavet. Då dei 53 første norske emigrantane steig i land i New York etter over tre månader til sjøs, var dei eit framand syn for amerikanarane, kledde i grove, heimelaga og umoderne klede. I bynære område vart den norske skikken å kle seg raskt erstatta med amerikansk mote. I tida frå den første spede starten og frametter auka utvandringa til Amerika, og toppa seg i perioden frå 1875-1925. Vi reknar med at over 800 000 norske menn, kvinner og barn pakka amerikakofferten og tok fatt på den lange reisa for å prøve lukka i Amerika – the Land of Dreams. 

Innvandra bomull og utvandra ull 

Siste halvdel av 1800-talet var prega av mykje armod og aukande folketal i Noreg og mange fattige reiste frå bygdene. Trikotasjeindustrien blomstra opp i Noreg, og gav nye arbeidsplassar. Mange fann vegen til industristadene, men mange drog håpefulle den mykje lengre vegen til Amerika for å skape seg eit betre liv der. Den norske industrien importerte bomull frå Amerika, men på prærien ønskte nybyggarane seg norsk ull. Dei var ikkje nøgde med den amerikanske kvaliteten, og bomull varma ikkje like godt. Utvandrarane tok kunnskapen om handarbeid med seg over havet, og tilpassa Amerikanske råvarer, materiale og skikkar.

Sau, rokk, strikk

Midt på 1800-talet var rokken ein like vanleg del av emigrantane sin bagasje, som Amerikakofferten. Det byrja å bli vanlegare med bomullsstoff og klede også i Norge etter at tekstilindustrien vaks fram. I områda dei norsk utvandrarane busette seg, kunne det vere strenge og kalde vintre. Varme klede var naudsynte, og ull var dei vande med frå heimlandet. I Amerika kunne dei kjøpe både tøy og ferdige klede, men strikkinga av ullplagg heldt dei ofte fram med. På prærien og i landlege og nybusette områder var heimelaga tekstilproduksjon viktig. Dei hadde gjerne nokre få sauer på garden for å ha tilstrekkeleg ull til å spinne til garn og strikke sokkar, vottar og andre småplagg til heile familien.

Ull i bomullsquilt

Amerika vart norskamerikanarane kjente med quilteteknikkar som gjorde det mogeleg å lage vakre og varme tepper, samstundes som ein utnytta utslitne plagg og stoffrestar. I quilteteppa kunne ein ta vare på gode minner og gjenbruke ressursar ved å sy inn bitar av ein søndagskjole frå heimlandet, ei utsliten skjorte frå arbeid eller høgtid, barneklede som hadde vorte for små. Quilteteppa hadde også mønstre med namn og historier, som Log cabin, eller Wedding ring eller Friendship knot. Utslitne stoff kunne også syast saman til lange remser som kunne flettast eller heklast til golvmatter. Dei kunne også veve enkle stoff til kvardagstøy, tepper eller ryer. Ulla kunne også nyttast direkte som fyll i dei amerikanske quilteteppa som dei laga.

Under stakk og brok

Sjølv om nybyggarane kledde seg etter amerikansk stil, i bomullsklede og kjøpestoff, hadde dei ull under for å halde seg varme. Dei hadde trøyer, lange og korte strikka strømper eller heile ulldrakter, Long Johns, eller strikka ullunderskjørt. I staden for korsettet som dei moderne kvinnene brukte, hadde immigrantane gjerne med seg den norske skikken med å surre eit langt ulltøy kring overkroppen. Sjølve undertøyet var oftast ikkje synleg når folk trakk i finstasen for å gå til fotografen, likevel kan ein, dersom ein veit kva ein skal sjå etter, ane spor og rester av norsk «aksent» i klededrakta og framtoninga, på same måte som ein vil kunne ane norsk aksent i språket. Det kan vere profilen under kjolen, ei sølje i halsen, eit flettaband i drakta eller håret, eller måten skjegget er klyppa.

Frå undertøy til yttertøy

Ullplagga var vanlegvis undertøy, men vart etter kvart meir å sjå som ytterplagg i form av mønstra strikketrøyer. Frå unionsoppløysinga med Sverige i 1905 og i tida frametter mot 100 årsjubileet for starten på utvandringa i 1925, nytta ein i større grad norske tekstilar og plagg for å i synleggjere det norske. Tida omkring første verdskrig var uroleg, og prega av høg innvandring i Amerika som førte til innstrammingar i innvandringslover. Den amerikanske smeltedigelen skulle gjere alle til gode og lojale amerikanarar. Det vart viktig for dei norske innvandrarane å vere stolte av sitt heimland, og samstundes få fram at norsk verdiar samsvarte med amerikanske verdiar, og at dei dermed var gode amerikanarar. Moderne skisport i Amerika heng også saman med norsk strikk. Etter OL i Lake Placid i 1932 der dei norske utøvarane hadde på seg strikkegensarar at strikkeplagga for alvor gjekk får å vere varmande undertøy til å bli moteplagg. Dei vert i dag også nytta av norskamerikanarar for å vise deira norsk kulturarv og identitet saman med rosemåling, hardingfele og bunad.

23.05.2019 - 11:04