Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Til minne om John Pettersen

Publisert den 21.10.2016 - 12:09
21.10.2016 - 12:09

Krigsveteranen John Pettersen (101) gjekk bort 15. oktober 2016. Vestnorsk utvandringssenter på Sletta har mista ein engasjert støttespelar og aktiv formidlar.

Bataljonen, eller berre «99» som John også kalla han, er den amerikanske «99th Infantry Battalion (Separate)» på vel 1000 mann, oppretta i USA 10. juli 1942. John kjempa 101 dagar i kamp som skarpskyttar i bataljonen - 32 av desse i bitande kulde under Ardennerslaget i desember 1944. Sølvstjerna på den eine krigsmedaljen han fekk fortel om deltaking i alle dei fem største slaga i Europa.

På Sletta tok John regien og var svært aktiv i formidling av krigsinnsatsen til 99. Bataljon. Senteret har, i samarbeid med John, laga ei utstilling bygd opp kring John sine eigne minne frå tida i ”99”. John har i to periodar stilt opp til videointervju om krigsopplevingane sine, no sist i vinter der han gav detaljerte og ærlege skildringar av det han var med på. I utstillinga er det John sjølv som fortel historia om gjenstandane som han og medsoldatane hans brukte under krigen: Hjelmen dei bar med seg til alle tider og til og med brukte som vaskefat og toalett. Nytestamentet bar han på brystlomma under heile krigen; det kunne kanskje stoppe ei kule. Den livsviktige boksopnaren og ikkje minst ski, stavar og anorakk brukte under knallhard trening på Camp Hale i Colorado er der også.

John tok over ei årrekkje ansvaret for å invitere talarar, flaggberarar og kjøpe inn krans med amerikanske band til den årlege minnemarkeringa framfor Emigrantkyrkja på Sletta. John låg alltid i forkant, og han forsikra seg både to og tre gonger om at vi hadde kontroll på markeringa.

Då vi arrangerte temakveld på Samfunnshuset Skogen om historia til ”99” på 101 års dagen hans i april, var det jubilanten sjølv som peika ut Inge Alver som talar for temakvelden. Han har heilt nyleg også stått i spissen for ein søknad om tilskot til å vidareutvikle formidlinga av historia til ”99” på Sletta.

Vestnorsk utvandringssenter takkar for det store engasjementet, stå-på-viljen og innsatsen John la ned gjennom fleire år ved senteret. Vi som hadde gleda av å samarbeide med han om formidling av krigsminne kunne heller ikkje unngå å bli kjende med han som eit engasjert samfunnsmenneske i notida med interesse og omtanke for kvardagen til alle rundt seg.

I djup takksemd og vørnad lyser vi fred over minnet til John.

 

Under er John Pettersen i uniform i Nice i 1945. Foto: Privat/frå familien