Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Sykkelutleige på Utvandringssenteret

Publisert den 20.06.2018 - 19:43
20.06.2018 - 19:43

Frå laurdag 23.juni kan du leige syklar på Utvandringssenteret!

Vi har hybridsyklar frå Merida og White med hydrauliske skivebremsar. Komfortabel og sportsleg sittestilling, Shimano-gir og dempegaffel. Syklane er utstyrt med bagasjebrett og stropper, og ei praktisk mobilveske på styret, så du får med deg saker og ting. Med i leiga får du hjelm og punkteringsfiks (spray), og polstra setetrekk om du ønsker det.

Så då er det berre å trø til! Radøy er flott å utforske på sykkel, i bonderomantisk landskap med utsikt til fjord og fjell.

Utleige pris:

1 time kr 100

2-3 timer kr 200

3-5 timer kr 300

Vi tar Vipps, kontant og kort