Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Skal du arrangere gruppetur?

Publisert den 25.01.2019 - 11:13
25.01.2019 - 11:13

  

Legg turen til Prærielandsbyen på Vestnorsk utvandringssenter, som eignar seg godt for blåturar og utflukter, for lag og foreiningar, songkor, slektstreff og pensjonistturar, der ei spennande oppleving med undring og utfordring set ein ekstra spiss på dagen og turen.

Hos oss kan du få omvising i Emigrantkyrkja og i Prærielandsbyen med dei gamle små husa, kor du finn Nybyggjarstove, Legekontor, Skulestove, Rådhus, fengsel og ein Lærarbustad. Du får og sjå filmen om flyttinga av alle bygningane, som viser heile dugnadsprosessen. Vestnorsk Utvandringssenter vil vise og fortelje kva folk reiste frå i Noreg, og kva dei reiste til i Amerika. Sjølv om dei berre hadde nokre få gjenstandar i ein amerikakoffert, bar dei likevel den norske kulturen med seg på flyttelasset. Hos oss får publikum lære om korleis det var for norske emigrantar som innvandra til Amerika, samstundes som det trekkast parallellar til kulturmøte i vår tid. Arbeidsinnvandrar, flyktningar og andre innvandrarar som kjem til vårt land, har med seg delar av sin kultur og tilpassar seg vårt samfunn, men i hjarta sine har dei sitt eiga heimland.

Praktisk informasjon: 

Eit besøk hos oss tek omlag 1,5 -2 timar
Gruppepris kr 50 pr person (minimum 10 stk)
Besøk utanom opningstid har ein tilleggspris på kr 700,-
Vi har dessverre ikkje kafé, men i museumsbutikken er det mulig å kjøpe kaffi, te og enkel snacks.

Kombiner gjerne ein tur til oss med eit besøk på Kilstraumen brygge. Dei har matservering og ligg ein køyretur på om lag 20-30 minutt unna. Vi kan og anbefale eit besøk hos oss i kombinasjon med Lyngheisenteret på Lygra. Dei har god heimelaga mat, servert i eit vakkert kystlandskap, omlag 1 times køyretur unna.

For gruppebestilling, kontakt: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no

eller telefon 55 25 18 09 / 917 12 961