Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Sesongstart på Vestnorsk utvandringssenter 2018

Publisert den 23.05.2018 - 08:56
23.05.2018 - 08:56

Første søndag med ope på Vestnorsk utvandringssenter for sesongen 2018. 

Sesongstarten vert markert litt ekstra med præriekaffi og noko søtt å bite i, presentasjon av nye produkt i den litle butikken vår - koppar, nett og det det nye seminarheftet frå Utvandringsfestivalen i fjor. 

Vi har alt hatt både arrangement og mange grupper på besøk i år, men søndag no kan du stikke innom i helgene mellom 12-15 om du vil sjå deg litt omkring. Seinare i sommar har vi ope også i vekene. Vi inviterer til ein avslappa og hyggeleg stund på Utvandringssenteret. 

Vi har opne hus, kaffi og omvisning i ekte hus frå Amerika, bygd av utvandra norskamerikanarar, og flytta til Norge at dugnadsfolk frå Sletta og Radøy. 

Gratis denne første opne søndagen. 

Velkommen!