Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Tidlegare utstillingar

29.09.2010 - 14:02

Vandreutstillinga "Vestnorske emigrantar"

Vestnorsk utvandringssenter opna i mars 2013 ei vandreutstilling om vestnorske emigrantar i USA. Utstillinga ble først opna på Sjømannskirken i New York og skal turnere i USA før ho kom til Noreg og Sletta i 2014. Utstillinga syner dei mange førestillingane ein har om å utvandre til eit framand land og dei mange grunnene ein har for å forlate ein heim. Publikum ble kjend med dei personlege forteljingane bak utvandringa frå vestlandsfylka gjennom digitale forteljingar, fotografi og ein eigen nettstad. Utstillinga blir produsert av Vestnorsk utvandringssenter og er basert på eit feltarbeid i USA hausten 2012. Utgangspunktet for utstillinga er dei personlege historiene bak utvandringa – kvifor reiste dei, og kva reiste dei til? Eit underliggande spørsmål har vore kva førestellingar utvandrarane hadde om USA før dei reiste, og kva bilete har dei av Noreg i dag? 

 

Vandreutstillinga "Gripen av havfolket

Eit utval fotografi tekne av den amerikanske fotografen Robert A. Robinson (1927-1996) i Florø og omegn på 1950-talet. Den 24 år gamle Robinson kom til Noreg på sommarferie invitert av ein norsk medstudent frå fotografstudiet ved Arts Center College i Los Angeles. Meininga var at han skulle reise heim etter ferien, men han blei i Noreg i 15 år. Dei første åtte åra budde han i Bergen, og han reiste mykje rundt i Sunnfjord og Sogn og skildra med kamera etterkrigstidas menneske og miljø i det kvardagslege. Dette gjorde han med stor varme og humoristisk sans, men samstundes med undring og respekt for folka som budde i dette framande landet. Utstillinga var VUS sitt innslag under Kystsogevekene 2013. 

 

Vandreutstillinga "Uhørte stemmer og glemte steder"

5. - 30. september 2012 Her kan du gjennom film, bilder og tekst møte einskildpersonar og stader som til saman gir eit bilete av tidlegare tiders institusjonsliv og glimt frå kvardagen til menneske med utviklingshemming i dag. Vandreutstillinga er ein del av prosjektet "Uhørte stemmer og glemte steder - fortellinger fra utviklingshemmedes historie".

Program for opninga: Storingsrepresentant for Hordaland Jette F. Christensen (AP) opnar utstillinga Supergruppa frå Radøy opptrer Forfattar Halvor Fjermeros (Åndssvak!, Universitetsforlaget 2009) held foredrag om dei utviklingshemma si historie Eli Grindheim frå Radøy stiller ut sin forteljing og sine bilete

 

Vandreutstillinga "Folket som vandrer. De ingen vil ha"

30. juni - august 2012 Grafikk av Finn Magnus Opning onsdag 13. juni kl.19.00

 

Vandreutstillinga "Fugleåret: Folketro og fakta"

18. april - 10. juni 2012 Tresnitt av Amy Lightfoot Salsutstilling Opning onsdag 18. april kl. 19.00 Råhuset i emigrantlandsbyen

 

Vandreutstillinga " Min første skuldag"

14. august  - 18. september 2011 Stad: Skulehuset i emigrantlandsbyen

 

Vandreutstillinga "Eventyret om Thea og Andrew Foss"

Juli - utgangen av august 2011 Stad: Råhuset i emigrantlandsbyen

 

Vandreutstillinga "Dei båtreisande"

1. desember - 12. desember 2010 Stad: Nybyggjarstova, emigranthusa på Sletta Opning onsdag 1. desember kl. 18.00, Føredragshaldar: Grethe Paulsen Vie, Haugalandmuseene Du kan sjå utstillinga 2.-3.12, 5.12, 8-10.12, 12.12 kl. 12.00 -15.00 alle dagar Elles etter avtale

 

Vandreutstillinga "Nasjonens barn"

1. desember - 12. desember 2010 Stad: Rådhuset, emigranthusa på Sletta Opning onsdag 1. desember Du kan sjå utstillinga 2.-3.12, 5.12, 8-10.12, 12.12 kl. 12.00 -15.00 alle dagar Elles etter avtale Les meir på www.nasjonensbarn.no

 

Vandreutstillinga "Bak stereotypien"

18. november - 16. desember 2010 Stad: Ute ved emigranthusa på Sletta Opning torsdag 18. november kl.12.00

 

Vandreutstillinga "Minner frå migrasjon"

18. november - 28. november 2010 Stad: Rådhuset, emigranthusa på Sletta Opning torsdag 18. november på dagtid kl.12.00 Du kan sjå utstillinga sundag 21. nov., laurdag 27. nov og sundag 28. nov. Les presseoppslag frå opninga i Bergen rådhus