Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Mellombelse utstillingar

01.08.2011 - 09:53

Kjem i 2015

Between Coasts (vandreutstilling)

Ei utstilling om vestlendingar i USA. Å forlate ein heim og finne ein ny mellom djupe fjordar og høge skyskraparar.

 

Kva førestillingar har ein om ein stad før ein reiser dit? Korleis er det å forlate ein heim og finne seg ein ny? I denne utstillinga møter du fjorten personer frå det norske vestlandet som har reist ennå lengre vest. Buande langs kysten har nordmenn på vestlandet vore nærare havet enn den norske hovudstaden, og med Atlanteren som den einaste grensa og forbindelsen med det Amerikanske kontinentet.

Historiene i utstillinga er stemmer frå ulike generasjoner med immigrantar, med forskjellige bakgrunnar og grunner for å reise. Tidsspennet viser òg forandringar i informasjon og kommunikasjon, og korleis dette har påverka emigrantane sine førestellingar om det nye landet.

 

Ønskjer du å vise Between Coasts i ditt distrikt? Kontakt oss på e-post for å huse utstillinga.

 

Les meir om Between Coasts på nettstaden til utstilllinga>>

 

Foto: Marit Areklett/Sjømannskirken i New York

 

Image: