Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Faste utstillingar

02.09.2014 - 13:37

"Lengselens bilder - Fotografiet i den norske Amerikautvandringen"

Utstillinga er eit resultat av kunsthistorikar Sigrid Lien si reise i USA der ho besøkte private hus, museum og arkiv for å samle fotografi frå norske innvandrarmiljø i perioden 1865-1930. Vi gjer merksam på at det berre er eit utval av utstillinga som blir vist i kjellaren i Emigrantkyrkja.

 

 

 

 

Minne frå ein krig

Foto: John Pettersen  under videoopptak i utstillinga våren 2011.

Lærarbustaden i emigrantlandsbyen huser ei samling med gjenstandar og bilete frå den 99. bataljon. Utstillinga vart nyopna sommaren 2012. I denne utstillinga møter vi krigsveteran John Pettersen (f. 1915) frå Radøy. Pettersen var sjømann om bord i ein tankbåt i Stillehavet då krigen braut ut. Då skipet la til kai i USA meldte han seg frivillig for den amerikanske hæren. I 1943 vart han soldat i Bataljon 99. Gjennom film, bilete og gjenstandar fortel John minne frå krigen.

 

 

 

 

Legekontoret - migrasjon og helse

Det gamle legekontoret på Sletta stod opprinneleg i Minnesota, og her hadde pionerlækjar Johan Christian Serkland sin praksis frå 1900–1948. I dag huser kontoret ei utstilling om helse og migrasjon som vart nyopna i 2014. Gjennom fleire gjenstander etter J. C. Serkland, fortel utstillinga om livet og praksisen til lækjaren i Minnesota. Utstillinga fortel og historia om diakonissa Elisabeth Fedde som arbeidde for sjuke og fattige i Brooklyn, New York, og generelt om helsemessige utfordringar ved å flytte frå sitt eige land.