Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Pionerar langs nye kystar

29.09.2010 - 14:04

Jakta på steinaldermennesket! Om dei første menneska som kom til områda som i dag utgjer norskekysten og Nord-Amerika.

Tid
Undervisningsopplegget blir gjennomført som temadagar i særskilte periodar. Desse blir annonserte på websidene våre og gjennom e-post til skulane i Nordhordland. Merk: Gjennomføring i 2012 etter avtale. Ring 55 25 18 09/ 48 10 86 09 for å gjere avtale.

Klassesteg
Elevar på 4. steg. Fådelte skular kan kome med fleire klassar.

Bakgrunn
For rundt 10 000 år sidan veit vi at menneska er på plass i landskapet på Vestlandet og tok til å utnytte dei rike ressursane her. Kysten var, då som no, rik på ressursar og gode lokalitetar for kortare og lengre opphald. Vi tek utgangspunkt i teikneseriar og filmar og spør: kven var eigentleg desse første menneska som kom til området som marin fangst, jakt og fiske, så skal det ei viss organisering og planlegging til. Samfunnet i eldre steinalder var nok meir komplisert enn vi har lett for å tru. Pionerbusetttinga i Nord- Amerika blir brukt som komparativt døme gjennom heile opplegget. Kvar kom dei i frå og korleis levde dei? Korleis tok dei i bruk eit heilt nytt kystlandskap då isen smelta og drog seg attende etter siste istid?

Mål
Elevane skal få eit innblikk i historia om dei første menneska som tok i bruk dei områda som i dag utgjer norskekysten og Nord-Amerika.

Innhald
Stasjonar med mellom anna flinthoggarverkstad, bogeskyting, atl atl, arkeologisk utgraving og forteljing med lyd, film og bilete. Stasjonar ved Emigranthusa à om lag 30 - 40 min. Det er ønskjeleg at klassane kjem med minimum to lærarar. Ta gjerne med foreldre.

Fagleg forankring
Opplæringa i samfunnsfag skal stimulere elvevane til utvikling av kunnskap om det kulturelle mangfaldet i verda i fortida og notida, og til forholdet mellom naturen og mellom dei menneskeskapte omgjevnadene. Faget skal òg medverke til at elevane utviklar medvit!om at menneska inngår i ein historisk samanheng, og at ei lang rekkje historiske hendingar gjer at dei er der dei er i dag.

Kompetansemål i historie etter 4. trinn:
- presentere historiske emne ved hjelp av skrift, teikningar, bilete, film, modellar og digitale verkty.
- skape forteljingar om menneske i fortida, og snakke om skilnader og likskapar før og no.
- utforske kjelder og bruke dei til å lage etterlikningar av gjenstandar frå fortida.
- kjenne att historiske spor i sitt eige lokalmiljø og undersøkje lokale samlingar og minnesmerke.
- gjere greie for korleis steinalderfolk levde som jegerar og samlarar, ved å å fantasere rundt dei første menneska som kom til landet vårt etter istida.

Image: