Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Undervisning

29.09.2010 - 13:53

VUS utviklar undervisningsopplegg på migrasjon- og kulturmøtefeltet tilpassa ulike steg på barneskulen og ungdomsskulen. Informasjon om undervisningsopplegg for komande skuleår blir sendt ut til skulane i Nordhordland kvar vår.  Somme opplegg er knytte til vandreutstillingar og aktuelle tema og difor berre ope for skulane i korte periodar. Desse vert annonserte fortløpande på websidene våre og gjennom e-post til skulane. Pris Dersom ikkje noko særskilt er oppgitt, er det gratis for skulane å vere med på undervisningsopplegg ved utvandringssenteret. Skulane må til vanleg dekke skyss til/frå utvandringssenteret sjølve. Påmelding Tlf. 56 37 20 00 / 48 10 86 09 E-post. vestnorsk.utvandringssenter@muho.no Påmeldinga er rekna som godkjend når skulane har fått tilsendt stadfesting frå utvandringssenteret. Kom med innspel! Skulane er velkomne til å kome med ønskje om tema for omvisingar og undervisningopplegg. Nytt pilotprosjekt i 2013 Vestnorsk utavndringssenter gjennomfører eit pilotprosjekt i 2012 der føremålet er å: a) å finne fram til nye samarbeidsformer mellom museet og skulane i Nordhordland. Museet ønskjer at undervisinga ved senteret blir ein integrert del av årsplanen på skulane og at elevane sjølve skal kunne gå inn i publikumsverksemda ved senteret og drive aktiv formidling med god fagleg forankring. b) å knyte eit slikt nytt formidlingskonsept til eit internasjonalt nettverk der kontakt og utveksling mellom skular i Nordhordland, Fergus Falls-området, Decorah i Iowa, og Brooklyn i New York står sentralt. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om prosjektet Prosjektleiar: Ida Dyrkorn Heierland Tlf. 48 10 86 09

Image: