Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Besøk oss

Gruppebestilling

Vestnorsk utvandringssenter eignar seg godt som mål for «blåturar», utflukter for bedrifter, lag og foreiningar, songkor og for slektstreff og pensjonistturar der ei spennande oppleving med undring og utfordring set ein ekstra spiss på dagen og turen. Felles opplevingar på VUS skaper utvida kontakt mellom generasjonar. Ta med heile familien til VUS! 

Vi tek gjerne i mot grupper for omvising i Emigrantkyrkja og Prærielandsbyen.

Vi reknar kring 1,5 – 2 timar på eit besøk, då får de høyre om flyttinga av bygningane frå USA, sjå filmen om oppbygginga av Vestnorsk utvandringssenter. Ved kyrkja står det dessutan fleire minnestøtter som kan formidlast.

Det er omvisning i heile den vesle Prærienlandsbyen med utstillingar i skulehuset, i doktorklinikken. Det er også ei lita utstilling om den norskamerikanske 99. bataljonen frå 2. verdskrig. I Prærielandsbyen kan det også vere skiftande utstillingar. Vi har også utstillinga Lengselens bilder i kjellaren på kyrkja. Og de kan rusle rundt mellom dei små husa i Prærielandsbyen.

Vi har også ein liten museumsbutikk med tidskrift og nokre suvenirar.

 

Pris:

Gruppe: kr. 50,-/pers (minimum 10 pers.)

Det kan komme eit tillegg på kr. 700,- per gruppe for tinging utanom dei ordinære opningstidene.

 

Opningstider 2019

26.05 – 16.06: Laurdag og søndag 12–15

18.06 – 18.08: Tysdag – fredag 12-17 og Laurdag og søndag 12–15.

Måndag stengd. Elles etter avtale

 

For bestilling kontakt:

Mail/epost: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no

Tlf. 55 25 18 09 / 917 12 961 /  55 25 10 80

Vi tek imot grupper heile året. Omvising på 1,5-2 time inkludert filmframsyning. Vi kan også lage spesialprogram på førespurnad. Velkomen!

 

28.09.2010 - 06:35