Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Rune Alver speler komponisten Signe Lund

Publisert den 23.08.2018 - 15:15

Konsert ved Rune Alver - Signe Lund, musiker og kvinneaktivist

Emigrantkyrkja på Sletta søndag 21. oktober kl 18.00

Signe Lund (1868-1950) sitt livsverk har nær tilknytning til norsk utvandrarhistorie. Den uredde kvinna var medlem av Det internasjonale kvinneråd og engasjerte seg sterkt i samfunnsspørsmål. Den dyktige musikaren og komponisten verka i USA fra 1902 til 1920.

I år er det 150 år sidan Signe Lund blei fødd i Bergen. På denne konserten høyrer vi om hennar særeigne og motsetnadfylte liv som er vevd saman med dei store historiske hendingane i tida. Det heile blir reflektert i dei vakre melodiene, stundom dramatiske, som blir framført på det nyrestaurerte Lyon&Healy-pianoet bygd i Chicago 1906.

SIGNE LUND

En ildsjel som har drukket dypt og lenge
Av sorgens malurt og av gledens mjød,
En kvinneånd med sterke, stemte strenge
En sjel som led ved andres kamp og nød.
En kvinnehånd som kjekkt sin fakkel bar
Og skapte lys, hvor natten mørkest var

                                       Fritjof Werenskiold

Då Emigrantkyrkja var flytta frå USA var det eit flott piano med på reisa. Dette er no nyrestaurert, vakkert og stemt. Vi er glade for at Venneforeninga har vore med å støtte restaureringsarbeidet, og at Rune Alver vil komme å spele konsert på pianoet vårt.

Billettar kr 200,- kan kjøpas på førehandssal eller i døra.

Dørene opnar kl 17.30, konserten startar kl 18.00

 

23.08.2018 - 15:15