Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Soga om VUS

Draumen vart verkeleg - Vestnorsk utvandringssenter 1997-2012

Fortid skal ha ei framtid. Dugnad og innsatsvilje utan grenser skapte Vestnorsk Utvandringssenter. 

Ein gong var det hundrevis av dei, "norske" småbyar spreidde over heile prærien i Midtvesten, frå Wisconsin til Nord-Dakota. Byane var smålåtne å sjå til, gjerne berre ei lita husklyngje rundt ei gate kledd med grovt tømmer. 

No finn du i alle fall ein att. Noko namn har han ikkje fått, men adressa er kjend: Sletta i Radøy kommune. Dei etterkommarane av dei første norskamerikanarane som kjem innom, finn noko dei kjenner att, og seier gjerne: "Det er ei så stor glede å sjå at kyrkja vår, eller rådhuset vårt, har kome heim att!". 

Dette er forteljinga om eit stykke norsk utvandrarhistorie som vende heim - frå prærielandet i vest til låglandet i Radøy! 

Forfattar Kjartan Rødland

Dette er boka om planlegginga, etableringa og framvoksteren av Vestnorsk utvandringssenter.I redaksjonsmemda sat: Kjartan Rødland (redaktør), Rolf Svellingen, Tom Arild Valdersnes, Asbjørn Ystebø, Oddmund Skjelvik og ein representant frå Museumssenteret i Hordaland. 

Boka er utgjeven av Vestnorsk Utvandringssenter (eigarstyret og veneforeininga) - konsolidert eining i Museumssenteret i Hordaland, Sletta 2013

ISBN 978-82-7834-046-2

Boka kan tingast via e-post eller telefon. Boka kostar 300,- (+evt. porto). Epost: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no Tlf. 56 37 20 00 / 55 25 18 09

28.09.2011 - 20:37