Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Ville vesten

03.01.2013 - 12:51

Som ein del av programserien "Førestellingar om Amerika" i 2012 hadde VUS eit særskilt fokus på "det ville vesten". Barneskuleelevar vart invitere til å delta i teiknekonkurransen «WANTED – daud eller levande». Her var det om å gjere å teikne utlysningsplakat med skumle skurkar og store dusørar!

Plakatane vart stilte ut  i eit nettgalleri, og teiknaren av den fælaste skurken vart  sjølv premiert med ein dusør frå utvandringssenteret. Vinnaren av teiknekonkurransen var Vernika Halland, 6. klasse ved Manger skule.

Les meir om prsojektet og sjå alle teikningane her

 

Vill vest og heilt Texas!

Har du nokon gong vært på slettene i Amerika, ridande på ein hest medan indianarane kom etter deg? Eller har du kanskje sjølv vore ein indianar? I fleire tiår har born og vaksne besøkt det ville vesten og Amerika gjennom bøker, filmar og teikneseriar. «Det ville vesten» blir gjerne brukt om ein periode på slutten av 1800-talet, der det vestlige Nord- Amerika blei erobra. Alt frå 1600-talet begynte koloniane i Nord-Amerika å bevege seg vestover, og det var fleire konfliktar og krigar mellom kolonimaktene Storbritannia og Frankrike, og med urfolket i området. Statar blei oppretta, byer blei bygd, og USA slik det ser ut i dag begynte å ta form. Etter at det vart funne gull i California i 1848, blei det etablert fleire nybyggjarsamfunn i området, samstundes med at den opphavlege befolkninga i området blei fordrivne. Det er særleg denne perioden vi finner i populærframstillinga om det ville vesten. I litteraturen og filmane er ikkje dei faktiske historiske hendingane alltid så viktige, men dei fokuserer heller på faste tema. Dette kan være dei nybyggjarfamiliane sitt harde arbeid, og kampen mot dei farlege indianarane. Samstundes er det og fleire historier kor indianarane blir framstilt som dei kloke innfødde som lever i pakt med og forstår naturen. Mange historier tematiserer forholdet mellom lov og orden, det gode og det vonde, moral og ære, og kor ein omreisande cowboy er den store helten. I dag er desse bøkene og filmane blitt eit viktig symbol på Amerika og den amerikanske draumen.

Bøker

Forfattarane Edward S. Ellis og Zane Grey hadde begge sitt virke mot slutten av 1800-talet og starten på 1900-talet. Ellis sine bøker om Hjortefot blei veldig populære, og indianarbøkene hans var mykje lest av norske barn til langt ut i 1950-åra. Zane Grey si noko idealiserte bilete på USA var mykje lest, og førte til at fleire forfattarar kasta seg på western-toget. Grey sin innflytelse på sjangeren har vore stor, og forfattarskapet har resultert i heile 112 filmar og tv-serier.

Den siste Mohikaner av J. F. Cooper viser dei innfødde som noble og vise, mens den populære figuren David Crockett blei erketypen på den fryktlause nybyggjaren. I Noreg blei barna kjente med Crockett gjennom bøkene til danske Karen Brunes, som under pseudonymet Tom Hill skreiv 16 bind. Med Disney sin tv-serie og på følgande filmar på 1950-talet, blei Crockett verkeleg kjent for eit stort publikum. Kanskje nokon til og med hugsar songen om «Davy»? Brunes var dessutan ikkje den einaste nordiske villvest-forfattaren som brukte eit amerikansk-klingande namn: nordmannen Kjell Hallbing er betre kjent som Louis Masterson, forfattarnamnet som pryder omslaget på Morgan Kane bøkene. Kane-karakteren levde eit svært spanande liv og tek lesaren med til mange lovlause tilstandar og møte med ekte revolvermenn.

I villvest litteraturen har òg dyra hatt ein spesiell rolle. I Fran Striker sin bok om Den ensomme rytter er det først og fremst sin eigen hest ein cowboy kan stole på, og som er eins verkelege venn. Dyr og natur får dessutan hovudrollene i Jack London sine bøker om tida rundt gullrushet, og Når villdyret våkner og Ulvehunden er framleis høgt verdsett av mange unge lesarar.

 

Teikneseriar

I dei teikna forteljingane har det ville vesten blitt vist frem frå både dramatiske og meir komiske sider. Den heller avslappa cowboyen Lucky Luke må stadig hamle opp med dei fæle Dalton brørne – men heldigvis skyter han raskare enn sin eigen skugge. Hakket meir dramatisk er teikneserien Sølvpilen, som blei skap i 1965. Sølvpilen, Falk og Månestråle var svært populære i Noreg fram til bladet forsvant frå butikkhyllene i 1991. Ser ein litt lengre tilbake i tid, var blada TEXAS og Villvest den mest populære lektyren, og i sistnemnte figurerte kaptein Miki, Salasso, Windy og hesten Napoleon i mange år. Til og med i Disney forteljingane vitjar endene Det ville vesten med jamne mellomrom. I historiene til Carl Barks opptrer Donald ein gong som sheriff i eit heller ugjestmildt landskap, og i Don Rosa sitt verk Skrues liv, møter den unge Skrue McDuck både Jesse og Frank James, Annie «Get- your-Gun» Oakley og sjølvaste Whyatt Earp.

 

Filmar

I Noreg var cowboy-filmar ein favoritt på kino for mange gutar og jenter som vaks opp på 50-talet. Den syngande cowboyen Roy Rogers var ein av heltane, og med William Boyd som hovudrolleinnehavar i filmatiseringa av Hoppalong Cassidy blei nok ein kinohelt skapt. To store stjerner i villvestfilmane er sjølvsagt skodespelarane John Wayne og Clint Eastwood, med høvesvis True Grit og The Good, the Bad and the Ugly. Ein annan klassikar i sjangaren er Butch Cassidy and the Sundance Kid med Paul Newman, Robert Redford og Katharine Ross i hovudrollene. Det ville vesten gjorde òg sitt inntog i stovene til folk, og mellom anna har Kruttrøyk og Bonanza rulla over norske tv-skjermar.

I nyare tid vender stadig Det ville vesten tilbake til skjermane og kinolerretet, blant anna har historia om Jesse James fått sin renessanse med The Assasination of Jesse James by the coward Robert Ford (2007) kor Brad Pitt hadde ein av hovudrollene. Sannsynligvis er det ikkje siste gongen vi kjenner kruttlukta frå det ville vesten.