Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Streetart

29.09.2011 - 08:13

Nye impulsar i retur til Noreg: VUS og grafittikunstnaren PEACTU frå Brasil inviterte til to dagars workshop i street art på Manger, Radøy.

Street art er ei global kunstform som er utvikla i det offentlige rommet, lovleg eller ulovleg. Offentleg kunst og skrifter har eksistert i ulike kulturar i lang tid, som til dømes vikingtidas runeinnskrifter her til lands. Den moderne kunstforma som kjem til uttrykk i dag blir gjerne knytt til hip-hoprørsla, og utvikla seg frå tidleg på 1970-talet i gatene i New York.

Dette vart midt i blinken for VUS. Kontakten mellom Noreg og Amerika har ikkje berre går ein veg. Visst har mange nordmenn reist over Atlanteren med norske tradisjonar i kofferten, men vi har også fått mange impulsar i retur. Street art er eit døme på dette.

Omgrepet street art omfattar mellom anna tradisjonelle graffitikunstverk, sjablonggraffiti, klistremerkekunst, videoprojeksjon og gateinstallasjonar m.m. Denne urbane kunstforma har fått mykje merksemd og aukande aksept også i Noreg dei siste åra og er i ferd med å bli ei godt etablert kunstform. PEACETU ga skuleelavne ein introduksjon til grafitti og viste enkel sprayteknikk. Som ein del av opplegget måla elevane ein utandørs vegg på Manger skule. Om lag 15 born og unge i alderen 10 - 20 år var med. Som eit ledd i prosjektet gjennomførte vi også ein dag med undervisnings på Austebygd skule for elevar på 5-7. steg.

Prosjektet vart avslutta med ei oppvising ved PEACETU i Søbø landskapspark.
Alle foto: Jostein Vågenes

Sjå presseklipp under "I media"

Image: