Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Stjerneklårt på prærien

29.09.2011 - 07:55

I januar og februar 2011 satte VUS fokus på stjernehimmelen og korleis tidlege emigrantar navigerte til sjøs.

Vi starta med ei kulturhistorisk vinkling på stjernehimmelen. Lena Lisdotter Börjesson (Fosen Folkehøgskule) kom til samfunnshuset Skogen på Sletta for å snakke om korleis vikingane navigerte over Nordatlanteren ved bruk av til dømes stjernehimmelen. Börjesson har gjort fleire eksperiment med korleis vikingane kan tenkjast å ha navigert til sjøs. I kor stor grad var sola og stjernehimmelen viktige for dei? Kunne dei finne vegen på andre måtar? Börjesson kjem også inn på korleis arabarane og polynesarane navigerte etter stjernene.

Så gjekk vi inn i ein månad fylt med undervisning og opplevingar knytte til den fantastiske stjernehimmelen. Utvandringssenteret leigde inn eit planetarium frå "Vil vite" som var ope etter avtale for elevar på 4. - 7. steg i Nordhordland.  VUS vitja skular på Radøy, Austrheim og på Fedje med undervisningsopplegget "Stjerneklårt på prærien". Frå dei gamle grekarane si tid og heilt sikkert mykje lenger attende, har folk laga forteljingar om stjernebilete dei har funne på himmelen. Foto ovanfor: Frå undervisning på Fedje skule.

Vi ville få fram mangfaldet i desse historiene og la opp til eit komparativt perspektiv på Noreg og Nord-Amerika i eit eige undervisningsopplegg “Stjerneklårt på prærien”. Øvinga byrja i det innleigde planetariet frå "Vil vite".

Opplegget vart avslutta med ein spektakulær temakveld med astronomen Knut Jørgen Røed Ødegaard. Han kom til Sæbø skule med føredraget: Bang! Kollisjonar og eksplosjonar i verdsrommet!

Pressemelding
For presseklipp sjå "I media"


Image: