Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Første skuledag

29.09.2011 - 09:21

Inn i det ukjende med ny ransel og nye klede. Mange nye fjes og framtidige venner, dei du vil hugse for resten av livet. Det er den første skuledagen

Digitale forteljingar ved Museumssenteret i Hordaland jobbar med å få fram ulike samtidstema ved hjelp av enkle digitale midler. På denne måten kan vi sjå kva endringar og likskapar som er gjeldande for vår tid. Forteljingane i dette prosjektet er innsamla både frå enkeltpersonar og frå workshops som Digitale forteljingar har arrangert. Felles for desse er at dei har fått i oppgåve å gje ei kort skildring av sin første skuledag og leggje med eit bilete.

Resultatet ble ei utstilling som opna i august 2011 i det vesle skulehuset på Sletta. Her kunne publikum sjå forteljingar og bilete henta frå fleire ulike land og generasjonar. Utstillinga "Min første skuledag" tek utgangspunkt i ein felles kvardagssituasjon – det å vere ny i skulen. Det å vere ny er truleg noko mange kan relatere seg til, uansett kvar dei har vakse opp.

Vi ønskjer å gje publikum høve til å tenkje tilbake til korleis dei opplevde det å vera ny i skulen, og dei kan framleis bidra, fordi dette er ei veksande utstilling. Vi inviterer difor alle til å ta med bilete av sin første skuledag når dei kjem til utstillinga. Neste høve til å kome med historier er i Bergen rådhus under internasjonel veke 24.oktober 2011.

- Føremålet for Digitale forteljingar er nettopp det å kunne ta med publikum i dokumenteringa av samtida – fordi vi er opptekne av å få inn eit variert og mangfaldig spekter av kulturhistorie på demokratisk vis,  seier kulturvitar Mariela Norheim som var med på prosjektet.

Ved VUS var vi glade for å få utstillinga. Vi arbeider med migrasjon, og å oppleve å vere ny på ein stad eller i ein bestemt situasjon er jo nettopp eit viktig kjenneteikn ved det å vere på flyttefot.

Alle foto: Åshild Thorsen

Image: