Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Dei reisande

29.09.2011 - 09:05

- Det finst knapt nokon minoritet i Noreg som er meir omspunnen av myter og mystikk enn romanifolket - også kalla "dei reisande". Dette blir gjenspegla i dei mange folkelege namna ein har brukt om dei: tater, fant, fark og splint, sa Torgeir Skorgen, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, då han innleia temadagane om Romanifolket ved Vestnorsk utvandringssenter desember 2010.


Foto: Bernt Eide

Skorgen (bilete) har arbeidd mykje med problemstillingar knytte til rasisme og diskriminering av minoritetar. Han kom til  VUS med føredraget "Frykt og fascinasjon: det norske storsamfunnets møte med de reisende” i samband med opning av utstillingane "Nasjonens barn" (Dokumentasjonsprosjekt v/ Bernt Eide) og "Dei båtreisande" (Haugalandmuseene). Same veka arrangerte utvandringssenteret konsert  med Gjertruds Sigøynerorkester i Emigrantkyrkja.

- Frå gamalt av var romanifolket spesialistar på hestehald og metallhandverk som bøndene hadde bruk for. På austlandet vakte dei oppsikt med fargerike vogner, medan andre gjekk til fots eller kom seglande i skøyter som sjøfantar. - Dei fastbuande vart fascinerte av desse frie og omreisande folka, men det var og mykje frykt, skepsis og uvilje. Den gamle konflikten mellom fastbuande og reisande fekk på 1800-talet ny næring av styresmaktene sin skepsis til personar utan fast arbeid eller bustadadresse. Det moderne samfunnslivet førte til administrativ sentralisering og sosial velferdspolitikk, men også meir omfattande kontroll med livet til innbyggjarane. Og tatarane vart i særleg grad ein torn i auget på det moderne norske storsamfunnet. På 1900-talet byrja styresmaktene å uroe seg for at livsstilen til dei reisande kunne skuldast eit eige omstreifargen eller vere eit utslag av raseblanding. Og med hjelp av stendig meir drastiske tiltak som internering i arbeidsleirar, statleg tvangsovertaking av borna, psykiatrisk tvangsbehandling og offentlege sterilisasjonsprogram førte storsamfunnet på 1900-talet ein stendig meir hardhendt fornorskningspolitikk andsynes dei reisande. Målet var å avlære romanifolket kulturen, språket og levesettet dei hadde med seg, avsluttar Skorgen.

Om utstillingane
1500-2000 born vart tekne frå romaniforeldra sine gjennom 1900-talet og plasserte i barneheim, skuleheim, hjå norske familiar eller dei måtte følgje foreldra sine til Svanviken arbeidsleir. “Nasjonens barn” er eit personleg dokumentasjonsprosjekt leia av Bernt Eide. Utstillinga er produsert av Oslo Museum. Utstillinga “Dei båtreisande” byggjer på dokumentasjonsprosjektet ”Båtreisende på Vestlandet” 2006-2008 ved Haugalandmuseene. Utstillingane var opne for publikum på utvalde dagar tom 12. desember og etter avtale for skuleklassar.

Sjå presseklipp under "I media"

Image: