Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Prøv med kaffi og ein vossing i saloonen!

Publisert den 13.08.2019 - 13:05
13.08.2019 - 13:05

 

Hausten er på gang, men i saloonteltet vårt i Prærielandsbyen på Vestnorsk Utvandringssenter skjer det spennande ting...

Fredag 16. august vert det konsert med Try With Coffee

Try With Coffee er ein trio som spelar eigne låter og standardlåter i det magiske rommet mellom pop og jazz.
Vokalist Linn Merethe Myrtveit med den vakre stemma har med seg Bjørn Schille på gitar og Brynjar Mjanger Eide på slagverk.

Billettar finn du her

 

Fredag 30. august kjem Sjur Hjeltnes til Prærien

Sjur Hjeltnes utvandrar frå Voss og Bergen til Prærielandsbyen på Sletta, og byr på musikk og humor i kafételtet The Plain Saloon.

Sjur Hjeltnes er klassisk pianist, og seriøs komikar. Denne kvelden tar han fram mikroskopet, og ser nærmare på livet, døden, kjærleiken og musikken. Utan hemningar pløyer han gjennom musikkhistoria fram til i dag på jakt etter godbiter, gløymde låtar, og skjulte skatter. Med musikk, song og kanskje til og med litt dans prøver han å besvare dei store spørsmåla: Kven er vi? Kva gjer vi her? Kor skal vi? Kvifor får dei som spelar gitar alltid dei beste damene? Om du satt på bakarste pult og sov i musikktimane på skulen, da må du få med deg dette!

Billettar

Begge arrangementa koster kr 200, dei starter kl 19, og saloondørane opnar kl 18:45. Billettar for sal i saloondøra og online på tikkio.com