Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Opningstider koronasommaren 2020

Publisert den 02.06.2020 - 12:08

Vi ser fram til å ta i mot besøk på Vestnorsk utvandringssenter også denne sommaren, sjølv om vi som så veldig mange andre må gjere ting litt annleis denne koronasommaren. 

Opningstider 2020 - endra på grunn av koronapandemien

15. juni til 28. august:

Måndag, tysdag og torsdag kl. 11-16.

Onsdagar: 12.juli, og 12., 19., og 26. august kl. 11-16

Sundagar i juli kl. 12 - 17

Vi følgjer reglar for smittevern anbefalt av FHI. Respektere reglane, slik at alle får eit hyggeleg og trygt museumsbesøk. Er du smitta eller mistenkt smitta, i karantene eller viser symptom på luftvegsinfeksjon, ikkje besøk museet i denne omgang. Av smittevernomsyn treng vi oversikt over besøkande, og ønskjer derfor at flest mogeleg bestiller på førehand, særleg gjeld dette grupper på over 10 personar. Då kan vi best mogeleg sørge for at det ikkje er for mange til stades til same tid. Bestilling kan gjerast på vestnorsk.utvandringssenter@muho.no eller telefon 55 25 10 80.

Grupper over 10 personer kan bestille besøke oss heile året etter avtale.

Myndighetane pålegg oss å ta imot kontaktinformasjon for alle som blir med på omvising, dette for å kunne gjere smittesporing om det vert nødvendig. Opplysningane vert ikkje delt vidare, men vil bli tatt vare på i 10 dagar. Ved besøk hos oss hald minst 1 meters avstand til kvarandre, også på omvising. Husa er merka med maks tal menneske som kan vere inne samtidig.

Det er også sett ut antibac fleire stader, vi bed folk om å nytte desse ved besøk hos oss.

Vi ser fram til å ta imot gjestar igjen no når landet opnar igjen i koronatida. Velkommen!

 

02.06.2020 - 12:08