Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

OPNING AV KULTURDAGANE I RADØY

Publisert den 04.04.2018 - 16:16

OPNING AV KULTURDAGANE I RADØY 20.april kl. 17:30

Opninga av kulturdagane i Radøy tar deg rett tilbake til dei glade 60-åra på Vestnorsk Utvandringssenter. Radøy kommune vart stifta i 1964, og i 2018 er siste gongen kulturdagane vert arrangerte i Radøy, før kommunen blir ein del av Alver. Dermed ynskjer vi velkomen til 1964, året då Beatles slo igjennom, gutane hadde bryl i håret og jentene hadde høgt hår og strutteskjørt.
Opplevinga er gratis!

Kl. 17:30 OFFISIELL OPNING
Snorklypp ved ordføraren og innslag med elevar frå Kulturskulen.

Kl. 18:00 NOSTALGISK LEIK OG MORO FOR BARNA.
Kva leikte dei med på 60-talet?
Prøv å køyre kassebil.
I ”Prærielandsbyen” vert det leikestove med barne-tv om ”Pernille og Mr. Nelson”.
Diverse uteleikar som strikkhopping, sving og rockeringar.
Ta ein 60-tals sjølfie. Barna kan bli sminka og styla tidsriktig.

KAFÉ
Sal av heimelaga lapskaus, kaffi, brus, kaker og sjokolade.

UTSTILLING - Korleis var livet på 60-talet?
I Prærielandsbyen sitt rådhus kan du sjå bilete av korleis alt frå bilar til reklamer og hushaldningsartiklar såg ut den gongen Radøy kommune vart stifta.

Kl. 21:00 Utekino - ”Dirty Dancing”
Romantisk dansefilm kor handlinga er lagt til 60-talet.
NB! Ta med klappstol eller noko å sitte på. Kle deg etter været, og gjerne tidsriktig i 60-talslook :-)

Parkering ved Samfunnshuset ”Skogen”
Gratis veteranbuss køyrer i skytteltrafikk heile kvelden.

Arr.: Radøy kommune og Vestnorsk utvandringssenter.

04.04.2018 - 16:16