Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Anlegg

24.10.2010 - 14:22

Museumsområdet huser ein “småby” karakteristisk for norsk utvandring til Midtvesten:

Emigrantkyrkja Kykja er den demonterte og atterreiste Brampton Lutheran Church frå prærie-"settlementet" Brampton i Nord-Dakota. 22. juni 1996 vart kyrkja, med komplett inventar, overrekt som gåve til VUS. Kyrkja var opphavleg bygd av norske emigrantar som slo seg ned i Nord-Dakota like før og etter førre hundreårsskiftet. Den lokale kvinneforeininga av 1907 førte til skiping av kyrkjelyden 1. juli 1908. Det gav startskotet til bygging av kyrkja. Dette er ei lita luthersk kyrkje slik det fanst mange av på prærien. Ho tente både som religiøs og sosial møteplass. Arkitektonisk har ho sin bakgrunn i den vanlege kyrkjearkitekturen på landsbygda i Noreg frå midten av 1800-talet. Kyrkja vart vigsla på Sletta av biskop Ole Danbolt Hagesæther 6. juli 1997.

I Prærielandsbyen: 

Nybyggjarstova - The Underwood Pioneer House vart bygd 1869 av Andreas Seem i Underwood, Otter Tail County, MN. Huset vart eit landemerke i fleire år for immigrantar vestover prærien. Luverne Kiene, oldebarn til Karen og Andreas Seem, donerte huset til VUS i 1997. Det vart offisielt opna 8. juli 2000. Skulestova - Marboe Township School frå 1893, er ei typisk eittroms skulestove frå Sargent County, ND. Flytta i 1960-åra til Forman, ND, der ho tente som museum. I 1997 donerte Sargent County Farm Bureau skulestova til VUS. Opna 8. juli 2000. Skulestova er ei retteleg perle. Her kan du site på dei same pultane som emigrantborna brukte, sjå læraren rulle ned dei same karta og modellere i sandkassa

.

Lærarbustaden - Brampton School Teacher's Home var, ifølgje tradisjonen, det eldste huset i Brampton, Sargent County, ND. Byggjeåret er ukjent, men eldstaden i huset peikar attende til tidlegaste landtakingstida i området. Huset var bustad for skulestyraren til ned i 1930-åra. Sanford og Genevieve Cooper donerte huset til VUS i 1997. Det vart offisielt opna 8. juli 2000.

Lækjarkontoret - Dr. J.C. Serkland's Medical Office er henta frå Rothsay, Wilkin County, Minnesota. Huset var base for pionerlækjaren J.C. Serkland i meir enn 50 år. Fleire av barneborna hans kjøpte attende huset i år 2000, og donerte det til VUS. Det var offisiell opning 7. juli 2001. PÅ bilete over ser du lækjarkontoret til venstre.

Fengsel og rådhus - Elizabeth's Jail and Town Hall vart reiste i 1880-åra, samanbygde til eitt hus. Fengslet, med 2 fangeceller, vart brukt til etter hundreårsskiftet 1900. Den første fangeprotokollen ligg føre. The Town Council of Elizabeth, MN, donerte huset til VUS, våren 2000. Det var offisiell opning 6. juli 2002.

 

Image: