Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Historie

29.09.2010 - 13:54

Ideen, initiativet og strategien bak etableringa og framvoksteren av VUS vart utvikla av Asbjørn Ystebø under eit USA-opphald vinteren 1992/1993. VUS voks fram som ei forlenging av Ystebø sitt arbeid om minnesmerket over dei utstøytte kvekarane i Røldal. Lokaliseringa av VUS til Sletta var styrt av at Sletta-bygda tok imot utfordringa. Sletta-bygda vart engasjert, og dermed vart lokaliseringa klår, i ei typisk emigrantbygd, med kulissar av mange, enno ståande, USA-bygningar. Entusiasmen på Sletta førte til  at VUS vart etablert  som eit, i  vår tid, unikt dugnadsprosjekt, på ”a shoe-string– budget”, stort sett på utsida av det byråkatiske og politiske apparatet.