Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Migrasong - tonane dei bar med seg over havet - UTSETT

Publisert den 16.02.2017 - 11:11

Bagasjen skulle ikkje vega meir enn 75 kg, men songane dei bar med seg vog ingen ting og for mange var songen og musikken  det kjæraste dei hadde. Nordmenn slo seg ned i einsemda på prærien eller flokka seg i små lokalsamfunn. Dei hegna om språket og eigne levemåtar, dei slapp ikkje taket i sin eigen kultur. Dei heldt saman. Gjennom sjøfart og folkevandring vart songen spreidd, før som no. Frå heile verda der menneska kjem i kontakt med kvarande oppstår det nye songar.

Musikken i framsyninga er bygd på folketonane som utvandrarane tok med seg frå heimlandet og dei nye songane som oppstod og vart skrive der dei kom. Tekstane var fullt av lengt og draumar om det livet som var levd der dei kom i frå og det som fanst i fantasien om deira nye tilværet. Gjennom det autentiske innhaldet i songane og måten dei er vorte formidla gjennom tidene, vil forteljinga skildra korleis melodiar og tekstar har påverka kvarandre og vorte utvikla, og i dragsuget av dette har nye songar kome til. «Migrasong – tonane dei bar med seg over havet» skildrar eit levevis gjennom ulike røyster og miljøskildringar, farga av situasjonen som mange flyktningar og innvandrarar både i USA og Noreg lever under i dag.

«Migrasong-tonane dei bar med seg over havet» er vel ein times musikk- og forteljarprogram framført av ein songar/kvedar/forteljar som vert akkompagnert av to musikarar. Den visuelle klangbotnen vert eit biletspel prosjektert som ein bakgrunn og vil fungera som ei fordjuping av utvandrarane sitt levevis. Videoprosjektframsyninga, bilete og animasjonar, er integrert med scenebiletet og går i dialog med spelet på scenen. Dette vert formidla gjennom brev og dokumentasjon, som skillingstrykk, grafiske og fotografiske reproduksjonar. Framsyninga vil innehalda i alt 12 sekvensar i ein samanhengande dramaturgisk oppbygd framsyning. Biletspela er produsert av Jan F. Öqvist regissør, dramaturg og samarbeidspartnar.

 

PREMIERE I EMIGRANTKYRKJA 17. SEPTEMBER ER DIVERRE UTSETT PÅ UBESTEMT TID. 

 

MEDVERKANDE

Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans songar og kvedar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane både innan klassisk musikk, ny musikk, vise og folkemusikk. Ho har fleire gonger vorte engasjert ved Festspela i Bergen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og Osafestivalen og har turnért og medverka under festivalar i, Europa, USA og Midtausten. Reidun Horvei har sidan 1992 vore fylkesmusikar i Hordaland og sett saman fleire historiske framsyningar.

Øyvind Lyslo er gitarist, komponist, arrangør og produsent. Lyslo vart nominert til Spelemannsprisen for CD-en «Syngande strenger». Han har medverka på ei rekkje CD-innspelingar og har hatt mange konsertar i Europa, men også i Venezuela og Øst-Timor. Øyvind Lyslo er fylkesmusikkleiar i Sogn og Fjordane, frilans musikar og gitarpedagog.

Per Inge Hove arbeidar som organist på Osterøy og er frilans utøvande musikar innan eit stort spekter av sjangrar. Han er oppvaksen i Vik i Sogn og har utdanninga frå Griegakademiet, Bergen, der han mellom anna studerte kyrkjemusikk og komposisjon med fordjuping i improvisasjon og tradisjonsmusikk.

Jan F. Öqvist, er busett i Stockholm. I mange år har han arbeidd med produksjonar innan multimedia, også for Hordaland fylkeskommune, der han gjennom produksjonen «Dei ureine» hadde stor medverknad med biletspel. Innan MIGRASONG vil han ta del innan fleire ulike felt mellom anna som, formgjevar av plakat, regissør og produksjon av 12 biletspel. 

16.02.2017 - 11:11