Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Migrasong

Publisert den 30.07.2018 - 10:54

Etter turné i Hordaland og Amerika, kjem Reidun Horvei og framsyninga "Migrasong" tilbake til Sletta 9. september kl. 18:00.

"Migrasong" handler om 16 år gamle Oline som søkjer lukka i Amerika på slutten av 1800-talet. På Amerikabåten treff ho radværingen Ananias, og den musikalske forteljinga skildrar kjærleiksforholdet mellom dei, men også savn og tragediar...
Musikken i framsyninga er bygd på folketonar og songar som utvandrarane tok med seg frå Noreg, og dei nye songane som oppstod og vart skrive i Amerika kor dei slo seg ned. Tekstane var fulle av lengsle og draumar, om det livet som var levd og fantasien om deira nye tilvære. 
Fylkesmusikaren Reidun Horvei står for heile framsyninga, som ho også har skrive sjøl. Gitaristen Øyvind Lyslo og organisten Per Inge Hove har laga arrangementa og akkompagnerer ho.

Billettar kr 200,- for sal i døra frå kl 17:30, og førehandssal på tikkio.com.
NB! Dørene opner kl 17:30 og framsyninga starter kl 18:00.


Kort beskrivelse av dei medverkande:
Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans songar og kvedar. Ho har hatt konsert- turnear over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane både innan klassisk musikk, ny musikk, vise og folkemusikk. Ho har fleire gonger vorte engasjert ved Festspela i Bergen, Hardingtonar, Hardanger Musikkfest og Osafestivalen og har turnert og medverka under festivalar i Europa, USA og Midtausten. Reidun Horvei har sidan 1992 vore fylkesmusikar i Hordaland og sett saman fleire historiske framsyningar.

Øyvind Lyslo er gitarist, komponist, arrangør og produsent. Lyslo vart nominert til Spelemannsprisen for CD-en «Syngande strenger», og har medverka på mange CD-innspelingar. Han har hatt ei rekkje konsertar i Europa, men også i Venezuela, Japan og Øst-Timor. Han samarbeider med musikarar innan ei rekkje sjangrar som Arne M. Sølvberg og Reidun Horvei, og er også medlem av Den Norske Gitartrio saman med Njål Vindenes og Egil Haugland. Lyslo er tilsett som fylkesmusikkleiar i Sogn og Fjordane, i tillegg til å vere frilansmusikar og gitarpedagog.

Per Inge Hove arbeidar som kantor på Osterøy, frilansmusikar og komponist og arbeider innan eit breitt spekter av sjangrar. Han er utdanna frå Griegakademiet, Bergen, der han mellom anna studerte kyrkjemusikk og komposisjon med fordjuping i improvisasjon og tradisjonsmusikk. Per Inge har komponert mykje musikk og arbeidd med eletroakustisk musikk og rekomposisjon. Han har i mange år vore aktiv som musikkprodusent, konsulent og konsertarrangør. I 2017 var han kurator for musikk og scenekunst i høve Reformasjonsjubileet i Bergen 2017 og er i dag kantor i Fana kyrkje.

Bileta er tilrettelagt av Steffen Andrè Hagen, og Tore Nysæther har regien.

Framsyninga er tinga av MuHo, Museumssenteret i Hordaland, og Hordaland fylkeskommune er glade for også å kunne syna fram denne «konserten» for mange kommunar i Hordaland.

30.07.2018 - 10:54