Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



MÅNADENS DJUPDYKK i emigranthistoria: Sjømannspresten, kofferten og norske kyrkjer i utlandet

Publisert den 01.10.2020 - 12:47
På Vestnorsk utvandringssenter har vi ein del gjenstandar i samlinga, og i dag skal vi bokstaveleg talt dykke ned i kofferten til sjømannsprest Hans Kristian Steensnæs, for å sjå nærare på kva som skjuler seg der. Og som bonus får du vaffeloppskrift frå San Pedro.
 
Hans Kristian Steensnes vart fødd 16. mars1904 i Haugesund og etter eit omflakkande og eventyrleg liv rundt i verda flytta han tilbake til heimbyen og døde der nær 90 år gamal, 6. desember 1993. På bileta kan du sjå kva han hadde i kofferten sin, i den perioden kor han var sjømannsprest i Amerika. Dei åra han var i USA var målet med kyrkjearbeidet retta mot sjøfolk og dei som var utanriks i ein periode, men også mot dei norske emigrantane som busette seg i kringliggande område. Han var svært opptatt av kommunikasjon og formidling, og engasjert i bevaring av norsk identitet og endringa av denne forståinga grunna sted og tid.

 

Han hadde blant anna god kjennskap til konfliktane mellom dei ulike norsk-amerikanske gruppene gjennom åra. Han hadde mykje kunnskap om det norske Amerika si historie og brukte dette til å utvikle kontaktpunkt. Særleg Sjømannskyrkja i Brooklyn kom til å spele ei viktig rolle som bindeledd mellom mange av utvandrarane til Austkysten frå mellomkrigsåra og framover. Her kunne ein møte norske representantar frå kyrkje, kultur og idrett, styresmakt og dei kongelege, og få samtidas impulsar frå Noreg. Samstundes vart det danna norsk-amerikanske frivillige organisasjonar for dei som busette seg i området.

 
Utvandringssenteret har fått i gåve fleire gjenstandar som kan knyttast til hans arbeid med nordmenn som budde eller opphaldt seg i utlandet.
 

Om ein er truande eller ikkje, er ei norsk kyrkje i utlandet ein sosial møteplass, ein stad ein kan møte andre nordmenn. Dei norske utvandrarane bygde mange kyrkjer i Amerika, Emigrantkyrkja vår er eit levande eksempel på det.Norske sjømannskyrkjer i Amerika er flittig brukt av nordmenn, ikkje berre av sjøfolka, men både fastbuande emigrantar og tilreisande samlar seg på «leseværelsa» i kyrkjene. Over kaffi og vaflar kan ein no som før lese norske aviser, høyre nytt frå gamlelandet, knytte band med andre nordmenn, og delta på aktivitetar som kyrkja arrangerer.

Veit du at vi denne koronasommaren opna kafé Emigranten i kyrkjekjellaren på Utvandringssenteret? Denne kaféen er og meint å være ein sosial møteplass og med arrangement, har kan du møte andre fastbuande og tilreisande. I motsetning til å høyre nytt om gamlelandet, kan du i biblioteket vårt finne gamle historier om emigrantane. No er vi stengd for sesongen, men vi kjem til å ha nokre opne arrangement i Emigranten framover, følg med!
Fekk du lyst på vaflar etter å ha lest om sjømannskyrkjene? Her kjem ei oppskrift frå sjømannskyrkja i San Pedro, kyrkja som Sjømannsprest Steensnes i si tid etablerte utanfor L.A:
 
KVARDAGSVAFLER FRÅ SAN PEDRO (ca. 20 plater)
3 dl havregryn
7,5 dl mjølk
3 dl yoghurt naturell
3 egg
3 ss olivenolje
2 ss sukker
1 ts vaniljesukker
1 ½ bakepulver
4 dl kveitemjøl
3 dl grovt kveitemjøl
Røyr saman havregryn med mjølk, yoghurt, olivenolje og egg. Bruk gjerne miksmaster. Tilsett så vaniljesukker, bakepulver og mjøl. La røra stå og svelle i kjøleskapet i 30 min.
San Pedro ligg ikkje langt frå Hollywood, og vil du lage vaflar på "Hollywood-fruers" vis, legg du ein ferdigstekt vaffel (1/2 plate) i blendaren.
Tilsett ei handfull spinatblader, 2 ts wheat grass, 2 dl appelsinjuice og ein handfull isbiter. Køyr blendaren til du har ein jamn "smoothie". Tilsett meir vann dersom du vil ha tynnare konsistens.
 
Kjelde: sjømannskirken.no
01.10.2020 - 12:47