Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Livet på Prærien

Publisert den 30.07.2018 - 11:05

Finn fram din indre cowboy og bli med på ein morosam og lærerik dag i Prærielandsbyen 9. september kl. 12 - 15. 
Her kan du prøve deg på alt frå bogeskyting til lassokasting, og andre tidsriktige aktivitetar frå utvandraranes tid.
Velkommen til Ville Vesten :-)

Bli med og opplev familieaktiviteter og stemning i Prærielandsbyen på Sletta. Mellom husa vert det aktiviteter med utgongspunkt i kva den norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika.

Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre. Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar. Lasso som vart nytte til å samle kveg. Leikar kjent for born både i gamlelandet og i Amerika. 

Det blir også høve til å kle seg opp med amerikaklede både for jentar og guter, og dessutan finn vi fram floltte bakgrunnar slik at du kan ta dine eigen Amerikabilete og sende heim. 

Vi tenner også opp i bålpanna og skaper leirstemning med kaffi og litt cowboymat. Det vert også kafé

Billettprisar:

Vaksne / barn kr 50

Familie (2 + 2) kr 180

30.07.2018 - 11:05