Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Julestemning i Prærielandsbyen

Publisert den 15.12.2017 - 09:39
15.12.2017 - 09:39

Jul på praerien

O`jul med din glede og white christmas :-) I Prærielandsbyen er julestemninga på plass. Husa på prærien er julepynta, og i neste veke gler vi oss til julekonsert med Helge Jordal og MotBakkeOrkesteret.

Vi lyser også no ut ein fotokonkurranse: Ta bilde av dei julepynta husa på prærien, gjerne selfie, og bruk emneknagg #prærielandsbyen #husapåprærien og #utvandringssenteret. Då er du med i trekninga av ei premie.
NB! Det premierte bildet må kunne brukast av oss i etterkant

Hugs også at vi har gratis cowboy & indianarsti, i tillegg til ein kulktursti, om du treng å bevege deg litt etter julefeiringa. Oppgåveark finn du i postkassa ved Emigrantkyrkja