Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Julekonsert med Helge Jordal og Motbakkeorkesteret

Publisert den 28.11.2017 - 16:27

Vi gler oss veldig til at denne flotte buketten skal syngje jula inn hos oss i "kulturhuset" Emigrantkyrkja!

Her blir det god stemning, mykje lys og mykje varme!

Motbakkeorkesteret

MotBakkeOrkesteret med Helge Jordal spelar skeive låter med sving og innlevelse!

I 2007 starta miljøarbeidare og brukare ved Frelsesarmeens Bakkegaten bo- og omsorgssenter sitt eiga orkester. MotBakkeOrkesteret er det fyrste i sitt slag i Frelsesarmeens historie - aldri før har miljøarbeidare, brukare og tidlegere brukare på ein rusinstitusjon danna eit lignande band.

Det byrja med julekonsert i Grieghallen, så blei det Vossajazz og fleire stunt i Bergen. Og klart det hjalp å få Helge Jordal med på laget.

− Eg e en slags maskot, eg då. Før har eg også sunget stoff med klangbunn i det å ikke fikse verden så bra, seier skodespelaren som også har ein lang karriere som rockemusiker.

Sjølvsagt blir det julesongar på repertoaret denne kvelden, men også andre låter av motbakke-låtskrivare som Tom Waits, Johnny Cash og Cornelis Vreeswijk. Noke som seg hør og bør når Helge Jordal grip til mikrofonen. Velkomen til ein stemningsfull opplevelse på Sletta!

Billetter vert solgt i døra, men om du vil sikra deg plass - Kjøp på førehand

 

28.11.2017 - 16:27