Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Halloween på Prærien 31. oktober kl 18 - 20

Publisert den 13.09.2019 - 13:28

Finn fram kostymet og bli med på ein spennande og småskummel kveld blant husa på prærien. Om du ikkje kan sminke deg sjøl, kan du få ansiktsmaling hos oss.

Vi gjer det skummelt på ein kjekk måte, med dunkel og stemningsfull belysning. Vi finn fram spegel og gresskar, pynter opp med svarte kattar og andre effektar, og tenner opp bålpanna for grilling av marshmallows og pølser. Dette er eit familiearrangement kor vi trekk fram aktivitetar og tradisjonar frå den tidlege amerikanske Halloweenfeiringa for godt og vel over hundre år sida.

Halloweenmarkeringa i USA på starten av 1900-talet var ikkje berre knask eller knep, men spådommar, overtru, farer og gjærteikn. Kan du sjå skuggen av din tilkommande i spegelen? Epler kan spå mykje om framtida. Å kle seg i kostymer var før ein måte å gøyme seg frå spøkelser og ånder....

Billettar for sal på arrangementet (Vipps, kort og kontant) : vaksen / barn kr 60, familie (2+2) kr 200. 

Førehandsal, klikk her 

Vi har sal av heksebrygg for barn, kaffi / te, og marshmallows og pølser for sjølvgrilling på bålpanna. Ønsker du anna mat og drikke, kan vi anbefale naboen vår, Sletta handleri, kor dei og har kafé.

Velkommen til ein uforglemmeleg kveld med ekte Halloween stemning i Nordhordland. Du finn oss på Sletta, Radøy / Alver

13.09.2019 - 13:28