Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Halloween i Prærielandsbyen laurdag 31. oktober

Publisert den 01.09.2020 - 15:13

 

Moahhhah :-)

Tradisjonen tru vert det også i år Halloweenfeiring i Prærielandsbyen!

Gjer deg klar for ein småskummel kveld på Sletta.
Finn fram kostymet og bli med på ein spennande kveld blant husa på prærien.

Dette er eit familiearrangement kor vi trekk fram aktivitetar og tradisjonar frå den tidlege amerikanske Halloweenfeiringa, i Rådhuset og fengselet frå same tid og stad. Vi gjer det skummelt på ein kjekk måte, med dunkel og stemningsfull belysning. Vi finn fram spegel, gresskar, svarte kattar og andre effektar, og tenner opp bålpanna for grilling av marshmallows og pølser. Detlajert program kjem, følg med...

Halloweenmarkeringa i USA på starten av 1900-talet var ikkje berre knask eller knep, men spådommar, overtru, farer og gjærteikn. Kan du sjå skuggen av din tilkommande i spegelen? Epler kan spå mykje om framtida. Å kle seg i kostymer var før ein måte å gøyme seg frå spøkelser og ånder....

Billettar: vaksen / barn kr 70, familie (2+2) kr 250

Vi har sal av heksebrygg for barn, kaffi / te, litt knask og kanskje litt knep....og marshmallows og pølser for sjølvgrilling på bålpanna. Ønsker du anna mat og drikke, kan vi anbefale naboen vår, Sletta handleri, kor dei og har kafé.

Velkommen til ekte Halloween stemning i Prærielandsbyen

(med atterhald om koronasituasjonen...)

01.09.2020 - 15:13