Familiedag på Prærien, 8 september kl. 12 - 15
Publisert den 31.07.2019 - 15:48Bli med på ein kjekk og lærerik dag på Utvandringssenteret søndag 8. september kl. 12 - 15.
Her kan du prøve deg på bogeskyting, lassokasting, gullgraving, ta Amerikabilete, skyte med luftgevær og bli med på andre tidsriktige aktivitetar frå utvandrarartida. Velkommen til Prærielandsbyen!
Start med å besøke Borgarmeistaren i Rådhuset, som fortel deg kva som må til for å bli ein ekte nybyggar.
Mellom husa vert det aktiviteter med utgangspunkt i kva dei norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika.
Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre.
Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar. Lasso som vart nytte til å samle kveg.
Kle heile familien opp i tidsriktige klede og ta Amerikabilete hos fotografen. Kast hestesko, og prøv deg på andre leikar, kjent for barn både i gamlelandet og i Amerika.
Når du er ferdig med alle aktivitetane, går du tilbake til Borgarmeistaren og skriv Amerikabrev heim til Noreg om alt du har opplevd. Kanskje vert du utnemd til ekte nybyggar i Prærielandsbyen til slutt, men då gjeld det å stå på! To become a Citizen Of America kjem ikkje av seg sjølv :-)
Det vert leirstemning med fyr i bålpanna, kor du kan grille marshmallows, og vi har enkel kafé i The Plain Saloon!
Billettprisar:
Vaksne / barn kr 60
Familie (2 + 2) kr 200
Velkommen til ein kjekk og lærerik dag i Prærielandsbyen søndag 8. september kl. 12 - 15.