Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Familiedag på Prærien

Publisert den 31.07.2019 - 15:48

Bli med på ein kjekk og lærerik dag i Utvandringssenteret søndag 8. september kl. 12 - 15.

Her kan du prøve deg på bogeskyting, lassokasting og andre tidsriktige aktivitetar frå utvandrarartida. Velkommen til Prærielandsbyen!

Bli med og opplev familieaktiviteter og stemning i Prærielandsbyen på Sletta. Mellom husa vert det aktiviteter med utgangspunkt i kva den norske utvandrarane møtte og opplevde då dei kom for å busette seg og etablere seg i Amerika.

Pil og boge, eit våpen som vart nytta til jakt både av indianarar og andre.

Luftgevær som også vart nytta til jakt og til å forsvare seg mot farar og fiendar.

Lasso som vart nytte til å samle kveg.

Leikar kjent for born både i gamlelandet og i Amerika.

Det blir også høve til å kle seg opp med amerikaklede både for jentar og guter, og dessutan finn vi fram flotte bakgrunnar slik at du kan ta dine eigen Amerikabilete og sende heim.

Vi skaper leirstemning med kaffi og litt cowboymat. Det vert kafé i The Plain Saloon!

31.07.2019 - 15:48