Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Ein kveld med Sjur Hjeltnes på Prærien

Publisert den 17.06.2019 - 14:54

Fredag 30. august utvandrar Sjur Hjeltnes frå Voss og Bergen til Prærielandsbyen på Sletta, og byr på musikk og humor i kafételtet The Plain Saloon.
Sjur Hjeltnes er klassisk pianist, og seriøs komikar. Denne kvelden tar han fram mikroskopet, og ser nærmare på livet, døden, kjærleiken og musikken. Utan hemningar pløyer han gjennom musikkhistoria fram til i dag på jakt etter godbiter, gløymde låtar, og skjulte skatter. Med musikk, song og kanskje til og med litt dans prøver han å besvare dei store spørsmåla: Kven er vi? Kva gjer vi her? Kor skal vi? Kvifor får dei som spelar gitar alltid dei beste damene? Om du satt på bakarste pult og sov i musikktimane på skulen, da må du få med deg dette!

Showstart kl 19:00, dørene opner kl 18:45

Billetter for sal i døra og her: Billetter

 

 

17.06.2019 - 14:54