Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Den vanskelege reisa

Publisert den 16.08.2018 - 08:53

Digital utstilling laga av 8 flyktningar. Rådhuset i Prærielandsbyen.

Sundag 23. september var det fullt hus då vi og ordføraren opna denne flotte utstillinga. 

Etter mykje god respons og påtrykk frå publikum, vert det ei ekstra framsyning 21.oktober kl. 15-17. Utover dette er skuleklasser og grupper på min. 5 personar hjarteleg velkommen til å bestille besøk hos oss :-) Ta kontakt for å avtale tidspunkt!

Bakgrunn for utstillinga:

Amerikakoffert eller Europabag – kva tok dei med seg? Å forlate heimlandet sitt, frå familie, vener og heimstad, men også frå svolt, fattigdom, naud eller krig er ei vanskeleg avgjerd, og krev stort mot. Vestnorsk utvandringssenter har saman med Flyktningetenesta i Radøy gjennomført eit prosjekt og utfordra nyinnflytta radværingar til å fortelje om si reise. Kva tok dei med seg, og korleis var det å forlate heimlandet sitt?

Medan dei norske utvandrarane pakka amerikakoffertene sine med utvalde minner og naudsynte ting, mat og klede, har migrantane i dag som oftast berre med seg dokumentasjonspapir og mobiltelefonar fylte med informasjon, bilete og minne, og ingen bag med til Europa.

Vi fekk åtte flyktningar til å vere med nokre korte, men intensive dagar, og fekk dei til å lage ei digital forteljing om noko som var viktig for dei i samband med si reise. Dei skreiv sjølv forteljinga på norsk, las ho inn, fann eigne bilete og sette det saman til enkle og korte filmar. Det har vorte fortellingar om sakn, om redsle, om ønske om å vere trygg, og om ei betre framtid. Dei fortel om ting som er vanskeleg for seg, som vekkjer mange kjensler i dei, og dei skriv fortel på eit språk som er nytt for dei.

Kvar film er unik. Kvar film har si eiga historie. Kvar film er rørande.

pixlr_20180810134752137-001.jpg

Bilete frå produksjonen
16.08.2018 - 08:53