Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida



Den amerikanske draumen om Norge - Fotoutstilling - digital

Publisert den 22.01.2020 - 12:02

Fotoutstilling: Den amerikanske draumen om Norge. Fotograf Ingerid Jordal opnar utstilling på Vestnorsk utvandringssenter på Radøy 15 april kl 12.00. Utstillinga knyttar utvandringshistoria opp mot dagens samfunn og det føreståande amerikanske presidentvalet i 2020.

På grunn av koronasituasjonen vert utstillinga presentert og opna på nettet. Ta deg ein digital rusletur på Prærielandsbyen på Radøy og sjå fotoutstilling!

Utstillinga tek utgangspunkt i korleis unge vaksne norskamerikanarar i Seattle ser på si eiga avstamming og identitet. Kva har Norge å seie for dei i dag? Korleis er unge menneske knytt til ei arv og ei fortid som er så "fjern"-både i tid og stad? Seattle var ein av stadene mange nordmenn busette seg i den siste bølga av utvandring frå Norge-som varte heilt fram til 60-talet.

Mykje har forandra seg sidan nordmenn i hundretusener drog over havet til det lova landet Amerika, og etter at Norge fann olja har det meste av utvandringa stansa. Forfedrene til dei som er intervjua utvandra frå eit relativt fattig Norge, i håp om å finna noko betre. No er levestandarden i USA lågare enn hos oss. Korleis påverker dette "lengselen etter Norge" hjå unge norskamerikanarar?

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Fritt ord.

Ingerid Jordal er ein frilans fotojournalist med base på Vestlandet som har spesialisert seg på fotoreportasjar og portrett. Ingerid har ein MA i fotografiske studier frå University of Westminster (UK) og har jobba som profesjonell fotograf og skribent sidan 2005. Ho er medlem av Pressefotografenes klubb, Norsk journalistlag og Norske billedkunstnere.

Sjå fleire av fotografia og historiane hennar på www.ingeridjordal.no eller på Instagram @Ingeridjordal 

Opning: Vestnorsk utvandringssenter, Radøy 15. april kl 12.00, Rådhuset i Prærielandsbyen. Utstillinga vert vist på draumenomnorge.no/

På opninga vert det musikalsk innslag med Eli Gauden

På opninga vert det og musikalsk innslag med Eli Gauden. Etter opninga, kan du sjå utstillinga i muséet sine opningstider fram til midten av juni. Grupper kan tinge besøk heile perioden, ta kontakt med vestnorsk.utvandringssenter@muho.no for avtale.

22.01.2020 - 12:02