Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Bursdag i Ville Vesten?

Publisert den 14.02.2018 - 15:12
14.02.2018 - 15:12

Prærielandsbyen på Sletta er ein perfekt ramme for bursdagsfeiring. 

Vi byr på:

Lassokasting, gullgraving, bogeskyting, skattejakt og selfiefoto med præriedraktar.

I Ville Vesten er menyen enkel. Vi serverer præriebrygg, og har Hot-dogs og Marshmallows for sjølvgrilling på bål. På skattejakten finn de kanskje (spiselege) gullmyntar i tillegg... Ta gjerne med kake sjølv om de ønskjer det.

Barna kan kle seg opp i ville vesten antrekk på førehand, men vi har også nokre draktar for utlån til denne anledninga.

Pris kr. 250 pr barn. Minste bestilling er 10 barn / minstepris kr 2.500. Vi ønskjer at det er med minst ein voksen i selskapet.

Når kan bursdagen arrangerast? Fortrinnsvis i vekedagane, men kontakt oss på vestnorsk.utvandringssenter@muho.no  så finn vi ut av det :-)

 

Yeehah! Velkommen på prærien!