Museumssenteret i Hordaland

Ei stemme til tida

Babettes gjestebod

Publisert den 07.09.2018 - 11:34
07.09.2018 - 11:34

 

"Babettes gjestebod" og den anerkjende skodespelaren Ragnhild Guldbrandsen kjem til Emigrantkyrkja 16.oktober kl.19.00

Billetter kr 250 for sal i døra, men det beste er å sikre seg billett på førehand hos Tikkio.com

https://tikkio.com/tickets/6626-babettes-gjestebod-i-emigrantkyrkja

Dørene opnar kl. 18.30


Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er vida kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede.
Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi vi trur denne forteljinga treff oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen har sagt ja til å formidle dette stoffet, gjev oss tru på at publikum kan vente seg ei sterk teateroppleving.
Vi har ønska oss å spele denne framsyninga i kyrkjene i Hordaland. Frå vårt ståstad utgjer desse romma ei særleg eigna ramme for å samlast om beretninga om Babette, som etter å ha vore prisgjeve andre si barmhjertigheit etter eit langt liv på flukt, får høve til å gje tilbake. Ho vinn i det store lotteriet og i staden for å gripe sjansen til å få eit liv i fridom og komfort, legg ho alle sine ressursar i å gje. Gjennom sin matkunst, sin dedikasjon og dei midlane som uventa tilkjem henne, steller ho i stand eit gjestebod som overgår all fantasi. Hennar løn er gjestane si nyting og forløysing. Det å gjere det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har oppsummerar hennar oppleving av meining i livet.
Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga, og saman med Bjørgvin Bispedømmeråd vil vi invitere til eit samarbeid med kyrkjene i Hordaland for å stelle i stand til kunstnarleg gjestebod i kyrkjeromma.

Framsyninga varer ca 1 time

Ragnhild Gudbrandsen er ei anerkjend skodespelerinne, kjent frå både teater og film, som har si utdanning ved The Roy Hart Theatre i Sør-Frankrike. I 2013 mottok Ragnhild Pernille statuetten for sin sceneprestasjon i monologen Lilly Valentin. Difor er det ekstra stor grunn til å gle seg når ho no skal i gong med monologen om Babette.

Foto: Thor Brødreskift

Regien er ved Stig Amdan, ein høgt anerkjend og respektert skodespelar og regissør, utdanna ved Statens Teaterhøgskule.